Halve formannskapet er inhabile om parkering i Måløy
Plus
I møte i gruppeleiarutvalet i Kinn kommune lufta varaordførar Frank Willy Djuvik (Frp) ei praktisk problemstilling for formannskapet si kommande behandling av parkeringsordning i Måløy. – Minst fem representantar er inhabile, varsla han.
Det vert no jobba med ei ny parkeringsordning for Måløy sentrum, og det har mellom anna vore arrangert folkemøte og vore dialog med Måløy Vekst og Måløy Byforening. Saka skal etter planen opp til politisk handsaming no i mai. Men viss saka skal i formannskapet vil det oppstå eit praktisk problem.
– Det er så mange i formannskapet som er inhabile når det gjeld parkeringsordninga i Måløy at eg er usikker på korleis vi praktisk skal handtere det, sa Frank Willy Djuvik i møtet torsdag.
Han lista opp:
– Vi er minst fem; meg sjølv, Mads Brunsvik (Frp), Miriam Nesje (Frp), Anita Eikevik (Sp), Anett Berg (Frp). Spørsmålet er om vi skal kalle inn vara i berre denne saka, eller korleis vi skal handtere det for at vi skal bli vedtaksføre.
Brunsvik er son av dagleg leiar i Vågsøy parkering as, mens Anett Berg er gift med styreleiaren. Miriam er styremedlem i Florø parkering as, og Anita Eikevik er dagleg leiar i selskapet. Djuvik sjølv er inhabil gjennom jobben i Måløy Vekst.
Formannskapet har totalt 11 medlemmer.
Kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen hadde eit forslag til løysing:
– Det spørst om saka skal gå om Plan- og miljøutvalet før den skal i Kommunestyret, i staden for at den går via Formannskapet. Om det kan vere ei praktisk løysing på det?, spurde kommunedirektøren.
Gruppeleiarane vart einige om at hovudutvalsleiarane (HUL) kunne diskutere dette på neste møte, og då bestemme ruting av saka.
Tek minibussertifikat for å frakte cruiseturistar: – Her må alle bidra!
Vil gi løyve til terrassebygg med fire leilegheiter i Måløy sentrum
No blir det slutt på gratis elbilparkering i Måløy