Herold

Rykte ut til brann i skur

Plus
Kilde: Firda Author: Sanne Slåtten Published: 2026-05-13 05:18:19
Rykte ut til brann i skur

Klokka 06.16 rykte brannvesenet ut etter melding om brann i eit skur tilknytt eit næringsbygg i Deknepollen.

Då naudetatane kom til staden var det røyk og varme frå skuret. Det skal ha brunne i eit smelteskur på utsida av hovudbygget.

– Dei har fått ned temperaturen. Det skal ikkje vere fare for spreiing, opplyser Tore-Andre Brakstad i Vest politidistrikt.

Klokka 07.50 melder politiet at ingen personar vart evakuert og ingen er skadd.

– Politiet har gjort undersøkingar på staden og avhøyrt vitne, opplyser Ole Ronny Olsen i Vest politidistrikt.

Det blir oppretta sak.

🏷️ Extracted Entities (4)

Vest (entity) Deknepollen (entity) Ole Ronny Olsen (person) Tore-Andre Brakstad (organization)