Landbruksåret oppsummert: – Folk satsar
Plus
Landbrukssjefen i Bjerkreim har tatt eit tilbakeblikk på 2025. Konklusjonen er at det blir investert stort i nybygg, dyrking og vegbygging i landbrukskommunen. Tre bønder fekk fem millionar kroner kvar i tilskot til nytt lausdriftsfjos. Fire har fått i år.
Det er i forbindelse med kommunen si årsmelding at Gerd Siqveland Engelsgjerd har sett på statistikk som fortel om ei svært så livskraftig næring i kommunen ho har vore landbrukssjef i sidan 1987.
Vekst i dyrking og vegbygging
Ho kan blant anna melda om 13 godkjende søknader om nydyrking av totalt 124 dekar, ferdigstilling av 138 dekar dyrka mark og 14 godkjende søknader om bygging eller oppgradering av totalt 5.290 meter med landbruksveg. Auken samanlikna med 2024 er betydeleg både når det gjeld dyrka areal og vegbygging.
Vidare var det sju bønder som søkte om og mottok tilskot til drenering i fjor. I tillegg til det statlege tilskotet på 4.000 kroner per dekar får bjerkreimbønder som drenerer jorda si, 2.000 kroner per dekar frå kommunen.
11 lausdriftsfjos på tre år
Innovasjon Norge innvilga åtte søknader frå Bjerkreim i fjor og løyvde eit samla tilskot på 18,5 millionar kroner. Tre av søknadene gjaldt nye lausdriftsfjos. Alle tre – Tore og Gunhild Fuglestad, Svein Inge og Reidun Egeland og Karl Egeland – mottok maksbeløpet på 5 millionar kroner. Dei andre tilskota frå Innovasjon Norge gjaldt blant anna Nyyyt sitt slakteri, gjødselkum og energiløysing i kyllinghus.
– Til nå i år har Innovasjon Norge løyvt 24,8 millionar kroner til bjerkreimbønder. Av totalt 12 saker gjeld fire maks tilskot til lausdriftsfjos. Hans Magne Lomeland og Sven Bjarne Solberg er i gang med bygginga. Dei to andre «jobbar med saka». Trenden held altså fram: Det blir satsa stort i landbruket i kommunen, konstaterer Gerd Siqveland Engelsgjerd.
I 2024 mottok fire bjerkreimbønder maksimalt tilskot, altså fem millionar, til bygging av lausdriftsfjos.
Oppmuntrar til kalking
Det blei søkt om produksjonstilskot til 172 bruk i Bjerkreim i fjor og utbetalt nesten 163 millionar kroner, mot 157 millionar året før.
Sju bønder i kommunen fekk totalt 450.000 kroner i Smil-tilskot (Spesielle miljøtiltak i landbruket).
I forbindelse med budsjettbehandlinga i 2024 vedtok bjerkreimpolitikarane at det årleg i perioden 2025 til 2028 skulle brukast 500.000 kroner på ein landbrukspakke. Formannskapet bestemde at 400.000 kroner skulle brukast på tilskot til innkjøp av kalk og 100.000 til støtte i forbindelse med kjøp av nødstraumsaggregat.
77 bønder fekk i fjor tilskot til kjøp av totalt 3.609 tonn kalk. Dermed blei heile potten på 400.000 kroner utbetalt med 111 kroner per tonn.
– Når eit tonn kalk kostar rundt 800 kroner, er ikkje 111 kroner i tilskot så mykje. Men eg trur likevel det pushar bøndene litt ekstra, noko som er veldig bra når det, i tråd med den nye gjødselforskrifta, skal brukast mindre gjødsel. Då er det ekstra viktig med ein god ph-verdi slik at effekten av gjødslinga blir best mogleg, kommenterer Siqveland Engelsgjerd.
Sju bønder fekk 5.000 kroner kvar til innkjøp av nødstraumsaggregat, altså totalt 35.000 kroner. Dei resterande 65.000 kronene som er øyremerkt dette tiltaket, er blitt overført til inneverande år.