Kreativ bokføring gir jordvern på papiret, men me blir visst lurte
Plus
Bygdebladet har den 8. mai eit oppslag om vedtak i Kommuneplanutvalet som gir inntrykk av at det går mot ei innskjerping i vern av matjorda vår. Medan fleirtalet i Kommunestyret den 30. oktober i fjor vedtok at det maksimalt kan byggjast ned fem dekar jordbruksareal pr. år i gjennomsnitt i Randaberg, tilrådde fleirtalet i Kommuneplanutvalet at dette skal reduserast til tre dekar pr. år i planperioden.Kommunestyret skal med det første gjera endeleg vedtak. Jordverndebatten tok en ny og uventet vending: – Jeg ble overrasket
I utgangspunktet ser dette positivt ut, men når ein les grunnlagsdokumenta i saka, går det tydeleg fram at tre eller fem dekar kjem i tillegg til alt som det nå føreligg planar om for nedbygging. Ein ny, brei E39 med eit monsterkryss på Harestad, byggjefelta Grødemhøyden, felt B3 i Sentrum aust og Bøvegen legg opp til ei nedbygging av til saman minst 200 dekar dyrka jord. Store areal som ligg mellom tilkoplingsvegane til ny E39 blir ubrukande til landbruk. Det ser altså ut til at desse areala som her er nemnde, vil «bruka opp» dei tre dekar pr. år for ein 70 års periode! Kommuneplanperioden er på 15 år.
Det er her kreativiteten ser ut til å gjera seg gjeldande. Alle desse 200 dekar, og kanskje meir, skal visst reknast som omdisponerte og haldast utanom. Ikkje til å tru. Og er det dette veljarane til dei partia som flaggar jordvern, har venta seg?
Regjeringa har gjentekne gonger bede om planvask, altså tilbakeføring av tidlegare planlagde utbyggingsareal til landbruk. Det er understreka at jordvern nå skal vera overordna omsyn i all arealplanlegging. Og dei beste areala skal ha sterkast vern. Det er vidare gjort klart både frå regjeringa og frå juridisk spesialkompetanse at omregulering kan gjennomførast utan erstatningsansvar når det er tungtvegande grunnar for dette. Og så lenge spaden ikkje er sett i jorda. Altså skjer omdisponering først når første utbygging startar. Og det er ikkje starta utbygging på noko av områda som er nemnde pr. i dag.
Det er vanskeleg å sjå anna enn at det i dag er svært gode grunnar til å omregulera alt som kan tilbakeførast til landbruk. Dei globale konfliktane i verda er særs alvorlege. I tillegg gjer tilgang og pris på gjødsel og drivstoff at enorme areal, til dømes i Asia og Australia, ikkje blir sådde til, eller blir svakt gjødsla. Avlingane globalt bli mindre. Alt dette ser tydelegvis «folk flest», for det blir rapportert at etterspurnaden etter bøker som går på sjølvberging har eksplodert. Kanskje verd for politikarar også å tenkja på.
Viss eg har oppfatta det rett, at det er forsøk på villeiande bokføring me blir utsette for, blir det ekstra ille når eg har høyrt klart uttalt både frå ordførar og andre framståande politikarar at Sentrum aust blir siste utbygginga i Randaberg. Etter det er kommunen vår ferdig utbygd arealmessig, og det er berre fortetting og transformasjon som gjeld. I ein slik nullvisjon, kvar kjem då desse tre eller fem dekar pr. år inn?
Vona er nå at veljarane seier sitt.
Den store boligplanen ble vedtatt for ni år siden – men byggingen har stoppet helt opp Flere krevde et nullmål: – Randaberg bør være best i klassen Setter bremsen på: Foreslår å bygge ned kun en tiendedel sammenliknet med i år Refser planen om 162 nye boliger: – Dette må vi bare slutte å gjøre