Herold

I dag blir dagen feira: – Det er nynorsken som er det ekte norske

Plus
Kilde: Aura Avis Author: Arnfinn Skinlo Published: 2026-05-12 16:05:07
I dag blir dagen feira:  – Det er nynorsken som er det ekte norske

I dag vert nynorskdagen feira over heile landet. For det ferske heidersmedlemet Nils Ulvund i Noregs mållag er dagen ei påminning om at nynorsken ligg hjartet og dialekten nærast, men han etterlyser meir handling frå Sunndal kommune.

– Eg har drive med påverknad mot kommunen i årevis, både gjennom seminar, møte og folkevalgtopplæring, men etterpå høyrer eg ingenting.

Nils Ulvund, leiar i Sunndal Mållag og nyleg utnemnd heidersmedlem i Noregs Mållag, dreg på smilet, men brodden er tydeleg. Han opplever at haldningane på papiret er gode, men at vegen frå festtalar til praktisk bruk på rådhuset er lang.

I dag er det 12. mai, nynorskdagen. Datoen markerer jamstillingsvedtaket frå 1885, då nynorsk og bokmål vart jamstelte skriftspråk i Noreg. For Ulvund handlar kampen for målet om noko langt meir enn berre paragrafar.

Etterlyser nynorsk i kvardagen

Ulvund er særleg oppteken av dei mange i kommuneadministrasjonen som faktisk har nynorsk som bakgrunn, men som har late bokmålet ta over i arbeidslivet. Han meiner kommunen har eit ansvar for å motivere desse tilsette til å ta i bruk att sitt eige mål.

– Eg vil ikkje at alle skal skrive nynorsk, men eg tenkjer på dei som har vakse opp med det. Han peikar på at Sunndal har ein språkbruksplan som ligg i ei skuff, og som på tide bør fram i lyset att.

– No må du få plana opp av skuffa

Sjølv om han er kritisk til den manglande oppfølginga frå leiinga, dreg han fram lyspunkt. Tidlegare kultursjef Ole Magne Ansnes får skryt for måten han tok imot innspel på. Ein annan som har imponert Ulvund, er Sunndals nye kulturprodusent Ole Christian Øien. Sjølv om Øien privat brukar bokmål, valde han å svare Ulvund på nynorsk i ein e-postutveksling.

– Den respekten vart eg nesten lamslått av. Det er den typen haldning vi treng om vi skal få til noko positivt for nynorsken i kommunen her, seier Ulvund.

–Ikkje ver redd for feil

Mange kvir seg for å skrive nynorsk i frykt for å gjere feil, men Ulvund løftar slett ikkje peikefingeren. Tvert imot er hans bodskap at folk må våge å prøve.

– Om ein skriv litt feil, kva i all verda betyr vel det? Det er ikkje det som er problemet, seier han og dreg fram eit eksempel frå tida som lærar, der han rådde ein kollega til å skrive nøyaktig slik ho formulerte seg munnleg. Han meiner nynorsken er viktig nettopp fordi han ligg nærare det munnlege språket.

– Det er nynorsken som er det norske språket. Ivar Aasen gjorde som ein gjer i land utan skriftspråk: Han reiste rundt og hørte kva folk faktisk sa.

Nynorskstafett til hausten

No rettar Sunndal Mållag blikket mot november 2026. Då kjem den nasjonale Nynorskstafetten til Sunndal. Stafetten, som fyrst starta i Språkåret 2013, handlar om å snakke med ordførarar, skular, barnehagar og næringsliv for å skape merksemd rundt nynorsken.

– Målet er å motivere dei som har nynorsk bakgrunn til å fortsette med det, og sette dei i stand til å bruke språket i kvardagen, forklarer Ulvund. Han håpar stafetten kan bli startskotet for ei ny tid for nynorsken i kommunen.

Nils Ulvund har ein lang karriere bak seg som både lærar og bonde, og har hatt tunge verv i målrørsla både lokalt og nasjonalt. Han var mellom anna leiar i Noregs Mållag i jubileumsåret 2006. No held han fram med å byggje det gode rundt seg, slik Arne Garborg ein gong skreiv.

Nils Ulvund fekk høgaste utmerking i Noregs Mållag

🏷️ Extracted Entities (10)

Nils Ulvund (person) Sunndal Mållag (person) Noregs Mållag (person) Noreg (entity) Ole Christian Øien (person) Arne Garborg (person) Ivar Aasen (person) Nynorskstafetten (entity) Ole Magne Ansnes (person) Språkåret (entity)