Herold

Frykta ho aldri skulle komme tilbake

Kilde: NRK Author: Linnea Fagerbakke Heggland Published: 2026-05-11 19:36:22 Last updated: 2026-05-12 12:33:01
Frykta ho aldri skulle komme tilbake

Ingrid kom tilbake i jobb ved hjelp av gradert sjukemelding og tilpassa arbeidsoppgÄver. No vil regjeringa at det skal bli den nye normalen.

Saka samanfatta

  • Regjeringa innfĂžrer tiltak for at fĂŠrre skal fĂ„ 100 prosent sjukemelding av fastlegen.
  • Graderte sjukemeldingar er det viktigaste tiltaket.
  • Ingrid RĂže Brevig vart sjukemeld, men kom seg tilbake i full jobb med gradert sjukemelding.
  • Fastlege Torgeir Hoff SkavĂžy meiner tiltaka ikkje seier noko nytt, og at ein mĂ„ tenke meir heilskapleg for Ă„ fĂ„ lĂ„gare sjukefrĂ„vĂŠr.
  • SkavĂžy og Anne-Karin Rime, president i Legeforeningen, meiner at dialogen mellom arbeidsgivar og arbeidstakar mĂ„ bli betre.

Regjeringa vil at fÊrre skal fÄ 100 prosent sjukemelding nÄr dei gÄr til fastlegen.

MÄlet er Ä fÄ ned sjukefrÄvÊret.

– Ambisjonen er at nesten alt sjukefrĂ„vĂŠr skal vere gradert, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Regjeringens forslag i tre punkter

Ha en mer lik vurdering av sykmeldinger. Gradert sykmelding skal vÊre hovedregelen. Hvis legen likevel vil sykmeldte 100 prosent, mÄ det begrunnes. Legene skal fÄ bedre betalt for Ä snakke med pasienter om hvordan de kan gÄ fra full til delvis sykmelding.

Frykta Ă„ ikkje komme tilbake

Sjukepleiar Ingrid RĂže Brevig veit alt om korleis det er Ă„ vere gradert sjukemeld.

Etter Ätte Är som sjukepleiar fekk ho leddgikt og vart 100 prosent sjukemeldt.

Som NRK tidlegare har fortalt, fekk ho livet snudd opp ned og frykta Ă„ aldri komme tilbake i jobb.

– Det var veldig viktig for meg Ă„ halde meg i jobb.

Fagsjukepleiar Ingrid RÞe Brevig fekk ein periode andre arbeidsoppgÄver og jobba berre ein eller to dagar i veka i starten. No er ho tilbake i 100 prosent jobb.

Gradert sjukemelding vart lĂžysinga

Det vart avgjerande at ho fekk andre arbeidsoppgÄver og jobba lite i starten.

– SĂ„pass lite som Ă©in dag i veka, med tilrettelagde arbeidsoppgĂ„ver.

Det tok ho rundt to Är Ä komme tilbake i full jobb pÄ Diakonhjemmet sjukehus.

SjĂžlv om ho seier gradert sjukemelding var viktig, vil ho ikkje utan vidare stĂžtte regjeringa sine nye grep fordi folk har ulike behov.

– Den perioden eg var 100 prosent sjukemeldt, sĂ„ hadde eg ikkje noko arbeidskapasitet i det heile. DĂ„ hadde det ikkje vore mogleg for meg Ă„ jobbe ved sidan av det.

Virke-sjef Bernt Apeland meiner forslaget til regjeringa er eit viktig steg i riktig retning.

– Det er viktig bĂ„de for den enkelte verksemda og for det heile norske samfunnet. BĂ„de for Ă„ ha folk i aktivitet og for Ă„ redusere kostnadane til sjukefrĂ„vĂŠr.

Feil medisin

Legeforeininga meiner regjeringa skriv ut feil medisin om mÄlet er Ä fÄ ned sjukefrÄvÊret.

– Me mĂ„ skilje mellom kort- og langtidsfrĂ„vĂŠr, og setje inn tiltak for Ă„ fĂ„ ned talet pĂ„ langtidssjukemelde, meiner president i Legeforeningen, Anne-Karin Rime.

Ho meiner at dialogen mellom arbeidsgivar og arbeidstakar mÄ bli betre, og at dei kan ordne opp sjÞlv, utan Ä involvere fastlegen.

Meiner tiltaka ikkje vil ha effekt

Fastlege og leiar i Norsk foreining for allmennmedisin, Torgeir Hoff SkavĂžy, er einig med Rime.

Torgeir Hoff SkavĂžy meiner tiltaka til regjeringa ikkje vil ha noko effekt.

PÄ BÞnes legesenter i Bergen seier han at legeinvolvering i det korte sjukefrÄvÊret har liten effekt. NÄr ein eventuelt gÄr over pÄ langtidsfrÄvÊr, kan lege verte involvert.

– Dei fleste sjukemeldingar bþr byrje med arbeidstakar og arbeidsgivar. Slik kan ein finne ut kva moglegheiter for tilrettelegging ein har, meiner Skavþy.

Apeland i Virke meiner at dette ikkje er vegen Ä gÄ.

– Men Ă„ ha eit godt samarbeid mellom arbeidstakar og arbeidsgivar er heilt openbert.

SkavĂžy meiner at regjeringa sine tiltak vil ha liten effekt.

– Dette er tiltak som er godt kjent frĂ„ fĂžr og eit fokusomrĂ„de som legar har hatt i mange Ă„r.

I ein travel kvardag kjem legar til Ä bruke meir tid pÄ Ä gjere papirarbeid enn legearbeid, meiner fastlege Torgeir Hoff SkavÞy.

Eit av dei nye tiltaka er eit «FÞlg-eller-forklar-prinsipp». IfÞlgje Vestre betyr dette at legen mÄ forklare kvifor pasienten skal bli 100 prosent sjukemeld.

– Det verker som at det ikkje er noko anna effekt enn at me legar mĂ„ bruke meir tid pĂ„ Ă„ dokumentere vala vĂ„re, seier SkavĂžy.

Han kjem til Ä jobbe pÄ same mÄte som han har gjort fÞr.

– Me har prĂžvd Ă„ gradere i alle Ă„r. Skal me mĂ„ lĂ„gare sjukefrĂ„vĂŠr mĂ„ me samarbeide. Me mĂ„ slutte Ă„ tenke at me fĂ„r endringar av Ă„ leggje strengare krav pĂ„ legane.

Ingrid RÞe Brevig hÄpar arbeidsgivarar legg til rette for sjukemelde.

Ingrid RĂže Brevig meiner det viktigaste er at arbeidsgivarane gjer det mogleg for sjukemelde Ă„ komme tilbake.

– Eg hĂ„par fleire arbeidsgivarar legg til rette for tilrettelagde stillingar og gradvis auke og passar pĂ„ at det er passe arbeidsmengd for dei som er sjuke.

đŸ·ïž Extracted Entities (16)

Ingrid Rþe Brevig (person) Fastlege Torgeir Hoff Skavþy (person) Anne-Karin Rime (organization) Arbeidsliv og sysselsetting 📁 (category) Helse 📁 (category) Sykdom 📁 (category) Sykelþnn 📁 (category) Legeforeningen (entity) Bergen (entity) Bernt Apeland (person) Bþnes (place) Diakonhjemmet (entity) Fþlg\-eller\-forklar\-prinsipp (entity) Ifþlgje Vestre (person) Norsk (entity) Virke (entity)

📊 Metadata

Category: SykelĂžnn, Helse, Arbeidsliv og sysselsetting, Sykdom