Herold

Eksamensrulett

Kilde: NRK Author: Jakob Sande Haugset Published: 2026-05-12 10:46:48
Eksamensrulett

Eksamen er ei utdatert og urettferdig vurderingsform.

PÄ onsdag klokka ni fÄr eg og om lag 60.000 andre 10.-klassingar rundt om i Noreg, vite kva fag vi skal ha skriftleg eksamen i.

Da vert det trekt eit heilt tilfeldig fag, og vi skal ha eksamen pÄ ein heilt tilfeldig dag. Trekninga tek ikkje omsyn til kva fag du er god eller dÄrleg i.

«Lite fair at ei loddtrekning avgjer kvar eg kjem inn pÄ vgs»

Eksamen er ein eigen karakter pÄ vitnemÄlet, sÄ den tel altsÄ like mykje som eit heilt Är med prÞver, innleveringar og innsats. Det er ikkje rettferdig at seks timar i ein sveitt gymsal skal avgjere kva moglegheiter vi fÄr i framtida.

Dersom eg pÄ onsdag fÄr vite at eg kjem opp i norsk, kan eg senke skuldrene. Der vil eg ha gode sjansar til Ä kunne fÄ ein seksar. Kjem eg derimot opp i engelsk vil sjÞlv ein firar vere bra for meg, og ein trear vil ikkje vere utenkeleg.

Eksamen er ei urettferdig vurderingsform, skriv Jakob Sande Haugset. (Bildet.)

Eg gjer det altsÄ mykje betre i norsk enn i engelsk. Likevel er det heilt vilkÄrleg kva eg kjem opp i. Dersom eg kjem opp i norsk gÄr eg kanskje ut av ungdomsskulen med eit godt snitt og kjem inn pÄ den skulen eg hÄper pÄ.

Kjem eg derimotopp i engelsk fÄr eg kanskje eit dÄrlegare snitt og kjem kanskje ikkje inn der eg vil til hausten. Det er heilt grufullt lite fair at ei loddtrekning avgjer kvar eg kjem inn pÄ vgs.

Noko anna som gjer eksamen utdatert og urettferdig er at den har like mykje Ä sei som eit heilt skuleÄr.

«Du har blitt dumpa dagen fÞr, eller livet berre er grufullt »

Gjennom dette Äret har eg jobba hardt. Eg har deltatt aktivt i timane, gjort leksene mine, brukt tid pÄ innleveringar og pugga til prÞver og tentamenar. Eksamen skal visst bety like mykje som all denne innsatsen.

Det gir den same avsmaken som nĂ„r laget mitt leda 10–0 i fotball i gymtimen, og lĂŠraren roper «siste mĂ„let vinn». Dette skjer ein dag pĂ„ vĂ„ren. Den dagen kan du vere daudsjuk med influensa, spysjuka eller det nye hantaviruset for den saks skuld.

Likevel mÄ ein ta eksamen da, og du kan jo tenke deg at ein kanskje ikkje presterer optimalt om ein hostar meir enn ein skriv, og knapt nok klarer Ä halde augelokka oppe.

Det kan altsÄ vere ein dÄrleg dag for deg fordi foreldra dine nyleg har skilt seg, du har blitt dumpa dagen fÞr, eller livet berre er grufullt akkurat den veka.

«OverlÚt framtida vÄr til tilfeldigheiter»

Kort oppsummert er altsÄ eksamen ei utdatert og urettferdig vurderingsform som verken tar omsyn til elevane eller innsatsen dei har lagt ned tidlegare.

PÄ toppen av det heile overlÚt det framtida vÄr til tilfeldigheiter. Det er dÄrleg gjort.

Vi treng ein ny skulepolitikk, utan at ein eksamen vi no tar som 15 Äringar avgjer framtida vÄr.

Send oss din ytring

Lyst til Ă„ skrive? Kontakt gjerne oss i NRK Ytring med ditt innlegg. Retningslinjene finner du her.

đŸ·ïž Extracted Entities (8)

Eksamen 📁 (category) Norge 📁 (category) Skole og utdanning 📁 (category) Ytring 📁 (category) Jakob Sande Haugset (person) Kontakt (entity) NRK Ytring (organization) Noreg (entity)

📊 Metadata

Category: Ytring, Skole og utdanning, Eksamen, Norge