Kongens garde kjem til Dale
Plus
Programmet for kongeparbesøket 27. mai er klart, og Hans Majestet Kongens Garde kjem til Dale for å halda oppvisning.
Vaksdal kommune avslører no fleire detaljar for kva som skal skje i Dale sentrum under kongeparbesøket. Den kanskje største nyheita i programmet er at Garden kjem til bygda for å markera dagen.
Oppvisning ved Dalehallen
Gardistane skal ha oppvisning på parkeringsplassen utanfor Dalehallen klokka 17.30. Framsyninga varer i om lag 25 minutt. I tillegg skal troppen besøka Jamnetunet på Vaksdal seinare same dag.
Før dette skal kongeparet få oppleva det lokale kulturlivet ved Dale skule.
Mottak med felleskorps
Publikumsområdet ved skulen opnar klokka 14.00. Portane stengjer klokka 15.30, ein halvtime før kongeparet kjem fram i kortesje. Gjestene får blomar frå to førsteklassingar ved Dale skule. Eit felleskorps med 70 musikarar frå Vaksdal Musikklag, Dale Musikkforening og Blanke Messingen skal spela «Norge i rødt, hvitt og blått».
Kort om Kongeparbesøket 27. mai
Lokalhistorie frå scena
Sceneprogrammet blir leia av Jørn Øyrehagen Sunde og Anna Bergo. Elevar frå skulane i kommunen skal syngja låten «Bynært bygdeliv», som var Vaksdal sin eigen song då kommunen deltok i det nasjonale programmet «Syngjande kommune».
Kongeparet skal også få høyra skuleelevar fortelja om dei ulike bygdene i kommunen. Lokale kor, kulturskulen og etablerte artistar skal opptre fram til klokka 17.00. Både ordføraren og kongeparet skal halda tale.
- Me gler oss stort til å ønskja kongeparet velkomen til Vaksdal kommune, og til å visa fram noko av det beste kommunen vår har å by på, står det på Vaksdal kommune sine nettsider.
Kommunen håpar også at mange vil vera med og gjera dagen til ei minnerik folkefest.
Desse skal bidra frå scena
- Frida Waage Amundsen og elevar frå Vaksdal kulturskule
- Kilden og Kordial blandakor
- The Deepest Echo
- Dale Mannskor
- Elevar frå skulane i Vaksdal kommune
- Eirik Straume Normann
- Felleskorpset og SFO-korpset
Det blir også tale ved ordførar Hege Eide Vik, og kongeparet skal halde tale.
Jørn og Anna skal leia programmet når kongeparet kjem
Industri og inkludering
Etter arrangementet ved skulen reiser kongeparet til Dale of Norway. Dette besøket er eit lukka arrangement. Her får dei sjå utstillinga og høyra om historia til hjørnesteinsverksemda. Kongen og dronninga skal i tillegg møta representantar frå Vaksdal idrettsråd. Temaet for møtet er prosjektet «Allemed», som skal sikra at alle born kan delta i fritidsaktivitetar.
Kongeparet besøkjer Dale of Norway også
Stengde vegar
Det offisielle programmet er over klokka 18.00, når Garden avsluttar si framsyning. Det blir ikkje høve til å parkera i Dale sentrum denne onsdagen, og publikum blir bedne om å nytta alternative parkeringsplassar.