Herold

Blir det Ap og Sandtrøen som oppfyller jamstilling for bøndene?

Kilde: Trønderdebatt Author: Reidar Almås, Professor emeritus NTNU/ seniorforskar emeritus Ruralis, Hølonda Published: 2026-05-12 11:02:11
Blir det Ap og Sandtrøen som oppfyller jamstilling for bøndene?

Natt til 3. desember 1975 gjorde Stortinget eit opptrappingsvedtak som sa at inntektene til bøndene skulle opp til same nivå som industriarbeidarar i løpet av 6 år. Det skjedde i 1982. Da var Kaare Willoch statsminister og Johan C Løchen landbruksminister i ei rein høgreregjering. I ettertid har det stått strid om kven som skulle ha æra for denne opptrappinga, slik som det også ser ut til å bli om dagens opptrapping.

Noen meinte at Berge Furre var den største helten etter som han fekk med seg den store SV-gruppa på å stemme for eit tidfesting av opptrappinga, noe som Ap og landbruksminister Torstein Treholt i utgangspunktet var imot. Berre når dei såg til å få fleirtal imot seg, bøygde regjeringspartiet av. Andre, både i Ap og ikkje minst her i Trøndelag, gir mest av æra til landbruksminister Oskar Øksnes (1976–1981) etter som han var leiar utvalet som førte fram til Stortingsmelding 14 (1975–76). Denne meldinga vart oppskrifta for korleis opptrappinga skulle gjennomførast og ikkje minst målet om meir kornproduksjon og auka sjølvforsyning, som vart nådd i 1990. Atter andre vil ære Sverre Hanssen og Hitra-aksjonen som sette i gang den politiske prosessen som førte fram til vedtaket om opptrapping i 1975. Da hadde kampen for jamstillingsmålet stått stille i fleire tiår og alt skjedde i løpet av eit halvår.

16. mai i år kan landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen bli den som fullfører dagens opptrapping av inntektene i jordbruket. Målsettinga vart lansert da Ap og Sp i Hurdalplattformen slo fast at «Regjeringa vil: Leggje fram ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet. Opptrappinga skal skje i samarbeid med partane i jordbruksavtalen og baserast på nytt… (og) riktig talgrunnlag for jordbruksoppgjeret, irekna å måle inntektsnivået og ikkje berre inntektsutviklinga». Vidare skulle Regjeringa «leggje fram og gjennomføre ein opptrappingsplan for trygg matproduksjon på norske ressursar og setje eit mål for sjølvforsyningsgrad av norske jordbruksmatvarer, korrigert for import av fôrråvarer, på 50 prosent».

Kva har så skjedd i jordbrukspolitikken på dei snart fem åra etter at regjeringa AP/Sp tok makta hausten 2021?

  1. Inntekta til bøndene skal no målast på nivå i kroner mot andre grupper, basert på nytt talgrunnlag.
  2. Utgifter til jordleige og kvoteleige vart tatt inn i oppgjeret som ein kostnad.
  3. Timetalet til bøndene har vorte gradvis redusert frå 1845 timar i 2021 til 1700 timar i 2027.
  4. Når kostnadsveksten, som har vore uvanleg høg etter 2021, har vist seg å vera større enn antatt i talgrunnlaget for oppgjeret, så har dette vorte korrigert opp og lagt inn i seinare avtalar.
  5. Gjennomsnittsinntekta for eitt familieårsverk i jordbruket vil framleis ligge 63.300 kroner under inntekta til andre grupper. Dette enda overføringane til jordbruket har auka frå 17 mrd i 2021 til 30 mrd i 2026, før ny avtale. Dei som trudde jamstillingsmålet såg ut til å vera nådd i fjor vart skuffa da reviderte tal frå SSB viste at kostnadene auka meir fordi bøndene hadde investert meir enn Budsjettnemnda hadde estimert i fjor.

Eit samla jordbruk hadde protestert imot at inntekta per familieårsverk skulle «normerast» opp for å koma fram til ei samanlikningsinntekt med «andre grupper». Stortinget vedtok i juni fjor at denne normeringa av inntekta til jordbruksfamilien skulle vera 20 prosent før samanlikning med andre grupper. Noen meiner retorisk at dette er «luftpengar». Meir rett er det å kalle dette ein akkord, der staten og fleirtalet på Stortinget hevdar at etter som ein del bønder ikkje driv så effektivt som dei kunne for å skaffe størst mogleg inntekt, så er 20 prosent ei riktig normering, og ikkje berre 5 prosent som eit mindretal på Stortinget meinte. Eller for den del 0 prosent som organisasjonane kravde.

Kva må til om Sandtrøen med Støres hjelp og Stoltenbergs motvillige aksept skal få jamstillinga i mål? Det blir ikkje matprisane som veltar jordbruksoppgjeret år. Regjeringa anslår at prisane til den norske bonden vil skal stige med mindre enn 3 prosent i 2029. Siste året har matprisane i Norge stige med 6 prosent, der det meste av prisauken kjem frå importerte matvarer. Saten må nok plusse på mange hundre millionar på tilbodet på 3,2 mrd, opp imot jordbrukets krav på 4,2 mrd kroner. Av produksjonane må dei som driv med sau og ammeku og har lågast inntekt, få betydeleg meir enn tilbodet. Om staten og landbruksministeren leverer på dette, tippar eg at det blir jordbruksavtale med begge faglaga i år. Solberg og Gimming har god kjemi og Småbrukarlaget vil nok skrive under på ein avtale som gir rett til full fødselspermisjon, også for dei som har arbeid utanom bruket.

Alle veit kven som er proppen i systemet. Det var berre under Vedum som finansminister at proppen var lekk. Dersom Stoltenberg er den gamle Jens som i grunnen meiner at overføringane til jordbruket er alt for store og held att på prutningsmonnet, blir det brot med bøndene og aksjonar 17. mai. Og framleis vil vi kivast om det var Bondeopprør 2023, Regjeringa Støre/Vedum eller ingen som fortener ros for å ha fullført dagens jamstillingsmål.

Ut på dagen 16. mai får vi svaret om Nils Kristen Sandtrøen skal få æra av å fullføre dagens opptrapping i jordbruket.

🏷️ Extracted Entities (25)

Nils Kristen Sandtrøen (person) Regjeringa Støre/Vedum (organization) Stortinget (entity) Dersom Stoltenberg (person) Sp (entity) Berge Furre (person) Bondeopprør (entity) Budsjettnemnda (entity) Gimming (entity) Hitra (entity) Hurdalplattformen (entity) Jens (entity) Johan C Løchen (person) Kaare Willoch (person) Norge (entity) Oskar Øksnes (person) SSB (entity) SV (entity) Småbrukarlaget (entity) Stortingsmelding (entity) Støre (entity) Sverre Hanssen (person) Torstein Treholt (person) Trøndelag (entity) Vidare (entity)