Herold

Kjell fekk attraktiv pris

Plus
Kilde: Rjukan Arbeiderblad Author: Halvor Ulvenes Published: 2026-05-12 19:34:27
Kjell fekk attraktiv pris

Kjell Bitustøyl (73) frå Bø og Rauland fekk Rikard Berges pris 2026 for lokalhistorie.

(Telemarksavisa) Utdelinga fann stad under seminaret til Telemark historielag på Notodden i april.

Kjell Bitustøyl har gjennom fleire tiår gjort ein mangfaldig og omfangsrik innsats for formidling av lokalhistorie i Telemark, både gjennom bøker, artiklar, innsamlingsarbeid og foredrag.

Allsidig

- Ikkje ulikt Rikard Berge sjølv, er eit av tyngdepunkta i arbeidet til Bitustøyl den rike folkemusikk- og kulturhistoria i fylket vårt. Han har skrive fleire artiklar om folkemusikk, samt drive viktig innsamlingsarbeid av folkemusikkmateriale i Telemark som har stor lokalhistorisk verdi, skriv juryen i samband med tildelinga.

- Bitustøyl har arbeidd med fleire lokalhistoriske tema som samisk historie og kultur i Telemark, tamreinsdrift, kraftlagshistorie og gardshistorie frå Vest-Telemark. Dette har resultert i fleire bøker og artiklar. Til dømes gav han i 2020 ut ei bok om fjellgarden Havradalen i Vinje, ifølgje juryen.

Svært produktiv

- Som artikkelforfattar har Bitustøyl vore særs produktiv, og gjeve ut artiklar med telemarkshistorie i aviser som TA og tidsskrift som Årbok for Telemark, Telemark historie og ei rekkje andre publikasjonar. Han har vore by- og bygdimellom i fylket og heldt foredrag om historie frå Telemark for både interesserte vaksne og barn.

For tida arbeidar Bitustøyl med eit prosjekt om dei innerste gardane på Møsstrond. Han er også ein engasjert fugleentusiast og er redaktør og artikkelforfattar i bladet «Fugler i Telemark» som kjem ut to gonger i året. Dokumentering av dyreliv i Telemark er også ei viktig form for lokalhistorie, heiter det vidare i grunngjevinga.

Imponerer

- Arbeidet Kjell Bitustøyl har lagt ned for å formidle og dokumentere Telemarks historie er imponerande. Han har gjort dette både gjennom ein stor skriftleg produksjon, munnleg formidling og innsamlingsarbeid. Dette meiner komiteen er i beste Rikard Berges ånd, skriv juryen. Komiteen for prisen har i år bestått av Tor Kjetil, Sigrid Bø og Gunnar Brekke Amundsen.

Lang tradisjon

Prisen, som skal fremje godt lokalhistorisk arbeid i Telemark, er delt ut sidan 1990. Juryen skriv at dei siste åra har det vore mange gode kandidatar til prisen. Juryen er imponert over kor mykje lokalhistorisk arbeid som blir gjort i Telemark kvart år.

Enorm kapasitet

Rikard Berge (1881-1969) var konservator, folkeminnegranskar og folkemusikar frå Telemark. Han blei fødd på garden Berge i Rauland og byrja alt i unge år å samle stoff frå Telemark. Gjennom åra fekk han samla folkeminnestoff i Telemark, meir enn nokon annan, både før og etter hans tid.

I 1916 blei Rikard Berge tilsett som styrar ved Fylkesmuseet for Telemark og Grenland, i dag Telemark Museum. Den stillinga hadde Berge fram til han gjekk av med pensjon i 1951.

🏷️ Extracted Entities (15)

Kjell Bitustøyl (person) Rikard Berge (person) Telemark Museum (organization) Rauland (place) Sigrid Bø (person) Grenland (place) Gunnar Brekke Amundsen (person) Havradalen (entity) Møsstrond (entity) Notodden (entity) TA (entity) Tor Kjetil (person) Utdelinga (entity) Vest-Telemark (place) Vinje (entity)