Herold

Reagerer på landing etter stengjetid. – Eg gjorde alt rett

Plus
Kilde: Hordaland Author: Ørjan Brattetveit Published: 2026-05-12 02:00:00
Reagerer på landing etter stengjetid. – Eg gjorde alt rett

Fagansvarleg Iril Schau Johansen reagerer på at det landa eit fly etter normal stengjetid utan at heradet var informert. Piloten Wolfgang Klein meiner han har gjort alt rett.

På eit møte om drifta av flyplassen på Bømoen tok Iril Schau Johansen opp den aktuelle landinga.

I referatet frå møtet, som Hordaland ikkje fekk vera med på, står det:

«Direktefly frå Belgia torsdag 23. april, med landing 21.45: Flyplassen skal ikkje nyttast når det er mørkt. Dersom det unntaksvis må landast utanom opningstida, må heradet vera varsla om dette, slik at det kan svarast ut når folk ringjer og spør. Tollmynde skal varslast i tråd med regelverket.»

Det var Iril Schau Johansen som kom med denne opplysninga på møtet.

Det er også Johansen som har signert referatet.

– Heradet vart ikkje varsla om denne landinga, seier Iril Schau Johansen til Hordaland.

Ho seier at landinga kan føra til eit ekstra gebyr.

Informasjon til naboar

Naboar til flyplassen filma landinga i kveldsmørket, og sende dette til Voss herad.

– Det var ein del som tok kontakt og ville ha informasjon om kva fly dette var snakk om. Eg hadde ikkje informasjon å gje, seier Iril Schau Johansen.

Ho var tidlegare flyplassjef i 20 prosent stilling. Sidan omlegginga av organiseringa av flyplassen i fjor, har ho tittelen fagansvarleg på flyplassen.

Kommunalsjef Hans-Erik Ringkjøb har ansvar for flyplassen.

Ny organisering rundt flyplassen. – Å driva flyplassen på ei stilling på 20 prosent, var ikkje mogleg

Kom frå Tyskland

Det var Wolfgang Klein som flaug inn på Bømoen om kvelden 23. april.

Han kom på oppdrag frå Voss Fallskjermklubb.

Den tyske piloten har samarbeidd med fallskjermklubben og Ekstremsportveko gjennom fleire år.

Han flaug frå Tyskland, mellomlanda i Belgia og heldt fram til Bømoen.

– Eg flaug ti minutt til ein flyplass i Belgia for å fylla drivstoff, som er betydeleg billegare i Belgia enn i Tyskland, seier Klein til Hordaland.

Erfaren pilot

Den erfarne piloten seier han ikkje kom for seint til Bømoen med tanke på mørket.

– Eg landa 21.45. Ifylgje alle opplysningar med tanke på mørket var siste landingstid den aktuelle kvelden over klokka 22.00, seier Klein, som no er i Oslo.

Piloten seier han har registrert flyet sitt på Bømoen, og at han flyr inn frå utlandet tre–fire gonger i året.

Han seier han hadde levert ein såkalla flightplan for den aktuelle reisa, og har fylgt vanleg prosedyre overfor tollmyndigheitene.

– Flyreisa gjekk i normal høgde.

Skjedd ein glipp

Voss Fallskjermklubb skulle ha lagt flyturen inn på MyPPR, der ein loggfører flytrafikken på Bømoen.

– Her ser det ut til at det har skjedd ein glipp. Det fekk eg fyrst vita no i helga, seier Klein.

Dagleg leiar Andreas Håland Hemli seier dette om det som har skjedd:

– Me hadde den årlege opplæringa av staben som skal jobba denne sesongen. Dette skjedde på dagtid. Her vart det lagt inn en MyPPR for opplæringsformål, som seinare vart sletta. Dette hadde ikkje nok med landinga på kvelden å gjera. At Klein si flyging ikkje vart lagt inn, er ein glipp som har skjedd samstundes med opplæringa. Dette er ikkje dramatisk. Me kan registrera turen i etterkant. Me registrerer alle turar, og over 1800 kvar sommar.

«Kvifor vart ikkje luftfartsmiljøet kontakta?»

Jan Fredrik Fleischer Tønjum er medlem i Voss flyklubb, leiar for Fly- og helikopterfagleg utval på Bømoen og var med på møtet.

– Saka vart forklart i møte 26. april, heradet oppretta likevel sak 29. april. Flyet landa seint, men ikkje for seint som nokon har hevda.

Han seier det kan førekome at fly som kjem frå utlandet kan koma etter klokka 21.00.

Johansen kommenterer det Tønjum seier slik:

– Meldingane som var komne inn, vart ikkje registrert i sakshandsamingssystemet før 29. april, det er heilt rett, men også ganske uviktig. Det var framleis 20 minutt att til sola stod seks grader under horisonten, då flyet landa 21.45, så det var framleis ikkje heilt mørkt, etter reglane. Men på eit internt arbeidsmøte tenkjer eg det er greitt å minna om at flyplassen normalt ikkje er open for landingar etter klokka 21.00 på kvardagar, og at det ikkje er lov å landa etter at det er mørkt. Opningstidene er vedtekne av heradsstyret.

Referat frå møtet

Reagerte på lydopptak

Iril Schau Johansen seier ho tok opp flylandinga på møtet etter å ha fått vita at nokon hadde gjort eit lydopptak under eit tidlegare flyplassmøte.

– Eg synest ikkje var greitt at noko tok opp møtet i løyndom. Det er heller ikkje greitt å landa etter stengjetid utan å melda frå om dette. Derfor tok eg landinga opp på møtet, seier Johansen.

Det står ingenting om dette opptaket i referatet.

I Noreg er det i all hovudsak ikkje ulovleg å ta lydopptak av møte ein sjølv deltek på, også utan å informera dei andre om dette.

Men det kan vera avgrensingar med omsyn til deling og bruk av slike opptak.

– Det vart nemnt på møtet, men eg kjenner ikkje til desse opptaka, kommenterer Fleischer Tønjum, som også stiller spørsmål om kvifor ikkje luftfartsmiljøet vart kontakta då fyrste meldinga til heradet kom inn om fly som landa seint.

Hit, men ikkje lenger: – Internt møte

Bømoen AS: – Dei dreg ut tida

Millionsmell for Bømoen AS i tingretten. Høgsterett kasta ut Løne

🔗 Published by 2 sources - Compare:

THIS SOURCE Hordaland PLUS
Reagerer på landing etter stengjetid. – Eg gjorde alt rett
Ørjan Brattetveit · 2026-05-12 02:00:00
Fagansvarleg Iril Schau Johansen reagerer på at det landa eit fly etter normal stengjetid utan at heradet var informert. Piloten Wolfgang Klein meiner...
Reagerer på flylanding etter stengjetid
Vidar Herre · 2026-05-12 01:50:00
Fagansvarleg Iril Schau Johansen reagerer på at det landa eit fly etter normal stengjetid utan at heradet var informert. Piloten Wolfgang Klein meiner...

🏷️ Extracted Entities (15)

Bømoen AS (organization) Fagansvarleg Iril Schau Johansen (person) Piloten Wolfgang Klein (person) Voss Fallskjermklubb (person) Belgia (entity) Jan Fredrik Fleischer Tønjum (person) Tyskland (place) MyPPR (entity) Andreas Håland Hemli (person) Ekstremsportveko (entity) Fly (entity) Kommunalsjef Hans-Erik Ringkjøb (organization) Løne (entity) Noreg (entity) Oslo (place)