Har fått klårsignal: Slik blir sommaren ved isbreen
Plus
Medan breen smeltar og gamle skidraumar må tenkjast på nytt, satsar bonde og skientusiast Svein Olav Espeland på noko heilt nytt på Folgefonna denne sommaren. Eit nytt skiband med terrengpark tett ved breen skal stå klar til sommaren.
– Eg bestemte meg frå dag éin at søknaden skulle vera hundre prosent tett. Det skulle ikkje vera rom for mistydingar. Der var Norconsult utruleg flinke, seier ein glad og letta Svein Olav Espeland i Folgefonna Aktivitetspark.
Denne veka kom beskjeden om at dei har fått løyve til å setta opp skibandet rett nedanfor isbreen og velkomstsenteret.
For å unngå tap av fleire sesongar og for å sikra at varemerket «sommarski» kan oppretthaldast, søkte han om å få setta opp eit mellombels anlegg, beståande av eit 100 meter langt skiband, frå midten av mai til midten av juli.
Svein Olav Espelan
Fekk dispensasjon
No har han fått tommelen opp av både Ullensvang kommune og fylkeskommunen.
– Me held på å samla saman alle trådane og planleggja endeleg opprigging av området. Me må få på plass alt utstyr, dieseltank, tråkkemaskiner, skuterar og alt som trengst, seier Espeland til Hardanger Folkeblad.
Svein Olav driv til dagleg med mjølkekyr, noko han framleis trivst godt med. Samstundes har interessa for ski, barn og ungdom vore viktig drivkraft bak det nye prosjektet. Gjennom enkeltmannsføretaket sitt inkluderer han no i praksis også skikøyring i gardsdrifta.
Kart med ID 537164
Noko utstyr er alt klart, men mykje har vore sett på vent medan dispensasjonssaka har vore til behandling. No ventar han berre på dei siste investeringane før alt kan flyttast opp på fjellet.
– Så snart eg har alt på garden, byrjar eg å flytta oppover. Då skal me vera klare til bygging.
Prosjektet har fått mellombels dispensasjon, og tidsvindauget er trongt.
– Dette er ei mellombels løysing, så eg har berre åtte veker på opp- og nedrigging. Då må me vera effektive, forklarar han.
Vil halda liv i Folgefonna
Skiparken skal ikkje vera eit tradisjonelt alpinanlegg med lange nedfartar. I staden satsar Svein Olav på terrengpark og jibbing.
– Det er det enklaste å driva i eit så avgrensa område. Det er veldig kompakt og effektivt arealmessig, forklarar han.
Han peikar på at denne typen aktivitet krev lite areal samanlikna med vanleg alpindrift.
Prosjektet skal gå parallelt med sommarcampar og aktivitetar i området, men skiparken skal han drifta sjølvstendig.
Parkbyggjar Siver Voll skal stå for sjølve utforminga av elementa som hopp og rails. Voll stod i fjor bak sitt eige «minianlegg» på sjølve breen og har etablert stiftinga Jibbekultur før årets sesong.
Espeland legg ikkje skjul på at prosjektet også handlar om å visa at Folgefonna framleis kan leva vidare som skiområde.
– Eg må berre gje gass no og visa at plassen framleis er i live, sjølv om mykje er i endring, seier han.
Oppstarten er avhengig av når vegen inn til området vert opna etter vinteren.
– Me har hatt dialog med kommunen, og det ser ut til at me forhåpentlegvis kan byrja rundt 15. mai, så snart vegen er brota opp.
Planlagt opning er i 23. mai.
Han meiner utviklinga på Folgefonna dei siste åra har gjort det nødvendig å leggja om kursen.
– Breen har forsvunne meir og meir kvart år. Då måtte me tenkja annleis. Når breen forsvinn, må ein berre innsjå at ein må omstilla seg, seier han.
Samtidig rosar han både fylket og kommunen for rask og effektiv handsaming av saka. Heilt sidan konkursen til Visit fonna AS har det vore usikkerheit rundt framtidig aktivitet på breen. I fjor vart restane av det gamle skisenteret fjerna. Samtidig har kommunen overtatt Velkomstsenteret ved breen for å sikra aktiviteten i området.
Dersom alt går etter planen vert 2026 ein testsesong for eit meir robust, sikkert og berekraftig alternativ for framtidig permanent drift.
Er optimist trass tidspress: – No fell det på kommunen
Det kan nærma seg eit nytt kapittel på Fonna
🔗 Published by 2 sources - Compare: