Salutt, tog og folkefest. Slik vert årets nasjonaldag
Plus
I år som tidlegare byr programmet på alt frå høgtidelege kransenedleggingar og gudstenester, til livlege barnetog, festtalar og leikar for store og små. Her er ein smakebit på kva som ventar.
– Eg kan jo ikkje spå korleis årets 17. mai blir, men me håpar sjølvsagt at det blir strålande vêr og at folk et så mykje is at dei får vondt i magen! seier styreleiar i IL Viljar, Cecilie Remme lattermild.
Ho fortel at det som vanleg blir ei stor og variert feiring på Voss.
Dagen startar med det tradisjonelle barnetoget som snor seg gjennom sentrum, før festgudsteneste og kransing av minnesmerke set ein høgtideleg tone. Voss kulturhus inviterer til gratis kino, og seinare på dagen kan ein oppleva både russetalar og det store folketoget.
– Årets 17. mai-tale er det Birger Norderud Lærum som skal halda, legg Remme til.
Her er programmet for Voss:
Ny organisering lyftar 17. mai-feiringa
Sjølve programmet er velkjent, men Remme understrekar at det er gjort avgjerande grep i kulissane for å letta den formidable jobben som ligg bak feiringa.
Som tidlegare omtalt er dette ein del av ei ny organisering der dei fire idrettslaga og Voss herad no deler ansvaret.
– Me har samla kreftene frå alle fire idrettslaga: IL Viljar, IL Ørnar, Voss IL og Fotballklubben, forklarar Remme.
Ho legg til at det er ein enorm jobb som blir lagt ned av mange frivillige for å få til ei god feiring, og at det har vore ganske tøft for idrettslaga å organisera 17. mai åleine.
– I tillegg til at me har samla idrettslaga har også Voss herad bidrege med det praktiske arbeidet. Me er enormt takksame for den delinga me har fått til i år.
Remme fortel at dei vil halda fram med denne organiseringa i åra som kjem framover.
– Målet er å ivareta den kompetansen ein får når ein sit i desse grupperingane og samla den på ein plass, slik at me har ei god oppskrift og kan overlevera kompetansen til nye krefter for kvart år.
Ligg i rute
For å sikra ei trygg og god feiring for alle, vil det som tidlegare år bli innført trafikktiltak i Voss sentrum. Vangsgata blir stengd for biltrafikk og parkering, og Tinghusplassen blir stengd for parkering.
Arrangørane oppmodar alle til å la bilen stå, og heller nytta parkeringshusa eller parkera utanom sentrum for å gjera dagen så smidig som mogleg.
Om årets førebuingar seier Remme at dei ligg i rute.
– Det har ikkje vore nokre store overraskingar undervegs, men me ser sjølvsagt at det er ting som kan oppgraderast og justerast til neste år. Det har vore utruleg gjevande å jobba med den nye organiseringa og me ser verkeleg effekten av å laga noko som varer over tid, seier Remme, som saman med 17. mai-komiteen ynskjer alle ei uforgløymeleg feiring.
Granvin, Ulvik og Dale er også klare for folkefest
Også i Granvin lovar dagen å bli lang og innhaldsrik, med aktivitetar frå morgon til kveld.
Dagen startar med salutt og den tradisjonsrike Treskoposten, før det blir kransenedlegging og gudsteneste. Etter folketoget er det lagt opp til mykje moro for alle aldrar, både i Mælandshagen og Trudvang.
Her er programmet for Granvin:
Ulvik inviterer til ein innhaldsrik nasjonaldag som startar med salutt.
Etter gudsteneste og markering ved veteranbautaen, er det klart for barnetog og leikar på skuleplassen. Dagen blir avslutta med ein festleg bilkortesje og gratis kino for dei yngste.
Her er programmet for Ulvik:
På Dale blir feiringa i år flytta frå idrettshallen Turbinen til skulen, etter stort engasjement frå bygda.
Her vil programmet inkludera talar i Dalesalen, kafé med betasuppe, rømmegraut og kaker, samt leikar og aktivitetar for store og små både inne og ute. Dale Musikkforeining vil stå for musikalske innslag, og dagen vert runda av med både barnediskotek og fakkeltog.
Her er programmet for Dale
Tilbakeblikk 25 år etter: – Helledussen, eg var sjenert ¨
– Eg laug til presten, eg kan tilstå det i vaksen alder