Dette betyr revidert budsjett for lommeboka
Plus
Regjeringa legg ikkje opp til store sprell i det reviderte nasjonalbudsjettet. Men noregspris bestür, og det ligg an til at lønna aukar meir enn prisane.
I det reviderte budsjettet anslür regjeringa at prisane vil auke med 3,5 prosent i ür. Det er høgare enn dei trudde i fjor.
Men med ei ramme i lønnsoppgjeret pü 4,4 prosent i frontfaget betyr det at folk framleis kan vente seg at lønna stig meir enn prisane.
â Aktiviteten i norsk økonomi er venta ĂĽ halde seg oppe bĂĽde i ĂĽr og neste ĂĽr som følgje av vedhaldande lĂĽg arbeidsløyse, sysselsetjingsvekst og god reallønnsvekst, skriv regjeringa.
Drivstoff og straum
I det oppdaterte budsjettet bruker regjeringa mykje pengar pü ü behalde noregspris pü straum. Usedvanleg høge straumprisar i vinter har gjort ordninga dyrare enn venta for regjeringa i ür.
Løyvingane til noregspris og straumstøtte blir dobla frü i overkant av ti milliardar kroner til 21,5 milliardar kroner. Det betyr ei solid innsparing for mange.
â Eit gjennomsnittleg hushald i Sør-Noreg som vel noregspris, kan fĂĽ støtte pĂĽ om lag 10.000â11.000 kroner i 2026 samanlikna med spotpris, seier statsminister Jonas Gahr Støre til VG.
Vidare gjennomfører regjeringa kutta i drivstoffavgiftene som dei borgarlege partia og Senterpartiet saman vedtok i Stortinget før püske. Det betyr billigare bensin og diesel fram til september.
â Prisveksten skal ned
Regjeringas skriv i budsjettet at høge energiprisar vil trekkje inn kjøpekraft frĂĽ norske hushald. Men at effekten av dette blir redusert av noregspris og kutta i drivstoffavgiftene. â Dei samla effektane av auka energiprisar pĂĽ aktiviteten i norsk økonomi er venta ĂĽ bli noksĂĽ smĂĽ. Allereie før krigsutbrotet i Midtausten var inflasjonen noko høgare enn venta, mellom anna som følgje av høg kostnadsvekst. Prisveksten i ĂĽr blir truleg klart høgare enn lagt til grunn i fjor haust, skriv regjeringa i budsjettet.
Statsminister Jonas Gahr Støre har sagt at eit overordna mül i budsjettet ogsü er ü fü ned prisveksten.
â Vi gjer det vi kan for at prisstiginga held fram med ĂĽ gĂĽ ned, sa han til NTB førre veke.
(ŠNPK)
đ Published by 4 sources - Compare:
đ Related Articles (1)
View Graph