Herold

Måløy Adventure snur underskot til overskot — solid auke i inntektene i 2025

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Linda Regina Bruvik Published: 2026-05-12 13:17:22
Måløy Adventure snur underskot til overskot — solid auke i inntektene i 2025

Måløy Adventure AS leverer eit kraftig forbetra økonomisk resultat for 2025. Etter eit krevjande 2024 med eit årsresultat på minus 3,67 millionar kroner, enda selskapet i 2025 med eit positivt årsresultat på 1,21 millionar kroner. Samstundes auka driftsinntektene frå 9,13 millionar kroner i 2024 til 24,28 millionar kroner i 2025.

– Dette er ei formidabel betring, og eit viktig steg for Måløy Adventure. Selskapet har vore gjennom ein krevjande oppbyggingsfase, men tala for 2025 viser at arbeidet som er lagt ned over tid no gir resultat, seier styreleiar Sverre Søraa.

Måløy Adventure vart etablert i 2022 og er eigd av 33 lokale og regionale eigarar. Selskapet er primært eit destinasjonsutviklingsselskap med formål om å utvikle regionen til eit attraktivt reisemål som sikrar lokal verdiskaping og arbeidsplassar.

Nøkkeltal 2025

Selskapet har direkte kontraktar med meir enn 15 ulike cruiserederi om leveranse av utflukter og aktivitetar. I tillegg organiserer og gjennomfører selskapet opplevingar og aktivitetar for reisebyrå, bedrifter og enkeltreisande til regionen.

– Vi har heile tida sagt at det tek tid å byggje opp eit nytt reiselivsselskap, særleg når ambisjonen er å byggje ei lokal verdikjede kring cruise og opplevingar. 2025-resultatet viser at vi er på rett veg, seier dagleg leiar Frank Willy Djuvik.

Butikkane i Måløy jublar: – Viktig trafikk for oss

Fleire avtalar og større volum

Selskapet peikar på fleire årsakar til framgangen. Måløy Adventure har fått på plass fleire avtalar, større volum, betre operasjonell kontroll og ein meir robust modell for leveransar til dei besøkande. Samstundes har selskapet halde fast på målet om at størst mogleg del av verdiskapinga frå cruisetrafikken skal bli igjen lokalt.

– For oss handlar dette ikkje berre om Måløy Adventure sitt resultat. Det handlar om å byggje regionen som reisemål, skape aktivitet for lokale leverandørar og legge grunnlaget for fleire heilårsarbeidsplassar. Når vi lukkast med å selje og organisere opplevingar lokalt, kjem verdiane også lokalsamfunnet til gode, seier Djuvik.

Tek minibussertifikat for å frakte cruiseturistar: – Her må alle bidra!

I pressemeldinga peikar selskapet på at det framleis vil vere behov for auka volum av gjester i åra framover for å sikre ei berekraftig økonomisk drift over tid. Store investeringar innan transport, attraksjonar, system og kompetanse krev også langsiktige og føreseielege inntekter.

– Eit vendepunkt

– Det er viktig for styret at selskapet ikkje berre veks i omsetnad, men at veksten skjer på ein måte som styrkjer økonomien og gjev rom for vidare utvikling. Resultatet for 2025 er eit vendepunkt, men ikkje ein sluttstrek. No handlar det om å bruke posisjonen til å utvikle selskapet vidare, seier Søraa.

Måløy Adventure arbeider vidare med langsiktige investeringar og utviklingsprosjekt. Selskapet planlegg mellom anna vidare profesjonalisering av cruisehandteringa, utvikling av nye opplevingar og meir berekraftige transportløysingar. I tillegg driv selskapet omfattande nasjonal og internasjonal marknadsføring av regionen og dei lokale tilboda og opplevingane. Målet er å bidra til at Måløy blir ein meir attraktiv, profesjonell og lokalt forankra reiselivsdestinasjon.

– Dette er framleis eit ungt selskap i ein marknad som krev mykje kapital, mykje kvalitet og mykje langsiktig arbeid. Men vi har vist at modellen fungerer. No skal vi bruke dette grunnlaget til å ta neste steg, seier Djuvik.

Sprudlar av optimisme for badet og trur på tidleg oppstart

Audhild Viken vil ha ein del av cruisekaka i Måløy

Frå kaos til idyll hos Gunn og Reidunn

🏷️ Extracted Entities (7)

Måløy Adventure AS (organization) Adventure (entity) Djuvik (place) Sverre Søraa (person) Audhild Viken (person) Gunn (entity) Reidunn (entity)