Herold

Har Alver kommune fått føreskrive rett medisin?

Plus
Kilde: NH Author: Torgeir Andvik, gruppeleiar, Alver Sp Published: 2026-05-12 10:58:24
Har Alver kommune fått føreskrive rett medisin?

Alt tyder på at Arbeidarpartiet står nærare dei borgarlege enn sine tidlegare samarbeidspartnarar, skriv Torgeir Andvik (Sp).

Skulenedleggjingar, pensjon på anbod og kunstig intelligens. Dette er løysingane frå Arbeiderpartiet og dei borgarlege. Resultatet er kutt i tilbodet til barna våre og dårlegare vilkår for dei tilsette.

Samstundes prioriterer dei dei same partia Hordfast-samarbeidet og Vest-Norges Brusselkontor – tiltak som ikkje er gratis, og som ingen har klart å visa gir betre tenester for innbyggjarane i Alver.

Når det gjeld bygging og drift av Alverbadet, verkar heller ikkje fraksjonsleiar Lavik i Krf særleg bekymra for økonomien. Eg er det. Eit bad i Knarvik kan vera ein god idé, men ikkje for ein kvar pris.

Problemet er ikkje mangel på tiltak – det er mangel på prioritering. Budsjettfleirtalet klarer ikkje å styra Alver kommune på rett kurs. Dei prioriterer feil.

Me i Senterpartiet la i desember fram eit alternativ, saman med VIP. Vår tilnærming til økonomiske utfordringar er ikkje å kutta i tenestene til innbyggjarane.

I vårt budsjett føreslår me:

  • Ingen skulenedleggjingar
  • Ingen pensjon på anbod
  • Same økonomiske resultat som fleirtalet

Korleis? Ved å prioritera annleis.

Me vil omorganisera sentraladministrasjonen frå fem til tre leiarnivå, og redusera administrative kostnader med 6 millionar kroner årleg. I tillegg føreslår me streng tilsetjingskontroll og investeringsstopp.

Dette er krevjande grep, men dei rammar i liten grad tenestene til folk. For oss er innbyggjarane prioritet nummer éin.

I budsjettprosessen i desember valde Arbeiderpartiet å bryta samarbeidsavtalen dei hadde med oss etter valet. Dei valde å gå bort frå eit felles budsjett med Senterpartiet, VIP, SV, Raudt og MDG – og støtta i staden forslag om skulenedleggjingar og pensjon på anbod. SV, R og Mdg støtta lojalt SP og VIP sitt budsjettframlegg i desember.

Kvifor AP gjorde dette, har dei framleis ikkje forklart.

Spørsmålet no er om Arbeidarpartiet har valt side. Alt tyder på at dei står nærare dei borgarlege enn sine tidlegare samarbeidspartnarar.

Det bør dei vera ærlege om – både overfor seg sjølve og veljarane sine.

🏷️ Extracted Entities (17)

Har Alver (person) VIP (entity) Arbeidarpartiet (entity) Arbeiderpartiet (entity) MDG (entity) Senterpartiet (entity) Sp (entity) Alverbadet (entity) Hordfast (entity) Knarvik (place) Krf (entity) Kvifor AP (organization) Lavik (place) Raudt (entity) SV (entity) Torgeir Andvik (person) Vest-Norges Brusselkontor (organization)