Sjukehusa våre treng både akutthjelp og langsiktig rehabilitering
Plus
Det var stappfullt på folkemøtet om sjukehusa våre i Ålesund før helga. Og det skulle berre mangle – sjukehusa er tryggleiken vår, og kva som skjer med dei har betydning for heile befolkninga i fylket. Difor gjorde det som vart formidla på møtet ekstra sterkt inntrykk.
Alle skal ha likeverdige helsetenester. Uansett kvar vi bur, skal vi ha tilgang på trygg og likeverdig helsehjelp. Difor er det så alvorleg når Helse Møre og Romsdal no ligg med broten rygg og må kutte i pasienttilbodet. Midlar som tidlegare har gått til drift, må brukast på å handtere store, tyngjande lån, og pasientar og tilsette blir skadelidande.
Ta tilbake
No trengst både straksoverføringar og varig endring. Det er på høg tid å skilje investering og drift. Staten må ta kostnaden ved nye sjukehusbygg og andre store investeringar. Det kan ikkje takast av drifta og betalast med å bryte opp fagmiljø, kutte sengepostar og seie opp legar, sjukepleiarar og fagarbeidarar.
Kutta som tvingar seg fram i Helse Møre og Romsdal no, går hardt ut over sårbare pasientgrupper: rus og psykiatri, spesialisert rehabilitering, ambulansetenesta i distrikta er berre starten på ei kuttliste lang som eit vondt år. Når kutta blir så omfattande, stiller vi spørsmål ved likskapsprinsippet. Vi må organisere helsevesenet slik at det er like trygt å bu i Møre og Romsdal som elles i landet.
Vi må få tilbake styringa med sjukehussektoren. Helseføretaksmodellen skulle aldri vore innført, og no må han plasserast på historias skrothaug. Vi treng ikkje fleire overbetalte direktørar, men betre rammeoverføringar og ei driftsform som sikrar likeverd og tryggleik i heile landet.
Todeling
Får dagens styringsmodell halde fram, får vi ei nedbygging, oppsplitting og privatisering av helsevesenet. Det pressar seg fram ei todeling der private klinikkar blir meir attraktive både for tilsette og pasientar som kan betale for det, medan det offentlege blir utarma.
Lik rett til helsehjelp uavhengig av økonomi er kjernen i den norske velferdsmodellen. Vi har bygd opp det som blir rekna som verdas beste offentlege helsevesen. Men skal det bestå, hastar det å ta betre vare på sjukehusa og dei som arbeider der.
Helse Møre og Romsdal treng både økonomisk akutthjelp og langvarig rehabilitering av sjukehusøkonomien. Her både kan og bør regjeringa ta grep, både i revidert og vidare framover, for vi kan ikkje stå i ro og la sjukehusa våre forvitre!
Et helseforetak i dyp krise
Stor uro i fagmiljøa
Helse Midt-Norge har ikke tid og råd til mer av Helseplattformen
🔗 Published by 2 sources - Compare: