Herold

Når suksess blir ei utfordring

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Arve Tokvam, styreleiar, Aurland Næringsråd Published: 2026-05-11 14:23:06
Når suksess blir ei utfordring

Reiselivsutviklinga i Aurland kommune har ikkje kome tilfeldig. Den er resultatet av over 30 år med målretta arbeid, store investeringar, lokal risikovilje og eit sterkt samarbeid mellom næringsliv, kommune og lokalsamfunn.

Det som har skjedd her er ei distriktsnorsk suksesshistorie.

Gjennom langsiktig tenking og arbeid har ein bygd opp eit heilårs reiseliv med attraktive arbeidsplassar, opplevingar i verdsklasse og eit lokalsamfunn der folk faktisk kan bu og leve, med tilbod som andre tilsvarande stader berre kan drøyme om. Medan mange andre distriktskommunar opplever fråflytting og stagnasjon, har Aurland vist at det går an å skape vekst og optimisme gjennom risikovilje og utgangspunkt i eigne natur- og kulturkvalitetar.

Men suksess skapar som regel alltid nye utfordringar.

I dag ser me stadig fleire eksterne aktørar innan transport, guiding, aktivitetar og uregulert korttidsutleige som kjem inn i høgsesongen for å ta del i den mest lønsame delen av marknaden. Når sommaren er over, forsvinn mange av dei igjen.

Tilbake står dei lokale aktørane – dei som held hjula i gang heile året, tek ansvar for arbeidsplassar, investerer i utvikling og bidreg til lokalsamfunnet også når turiststraumen er mindre.

Det er ikkje konkurransen i seg sjølv som er problemet. Konkurranse er i utgangspunktet sunt og skjerpande. Og det lokale reiselivet i Aurland er godt rusta til å møte konkurranse.

Utfordringa oppstår når utviklinga blir fullstendig uregulert, og når stadig fleire aktørar kan hente ut verdiar frå eit reisemål utan tilsvarande ansvar for den langsiktige utviklinga av staden.

For kva skjer dersom ein stadig større del av verdiskapinga forsvinn ut av lokalsamfunnet? Då blir det mindre kapital att til nye investeringar, færre ressursar til vidare utvikling og mindre vilje til å ta den risikoen som krevst for å byggje attraktive heilårsarbeidsplassar og gode tilbod for både gjester og fastbuande.

Dette handlar ikkje berre om næringslivet. Det handlar om lokalsamfunnet.

Dei lokale aktørane kjenner på ansvaret for Aurland også i november, desember, januar og februar – ikkje berre i juli. Dei veit at kvaliteten på reisemålet over tid er avhengig av berekraft, heilårsaktivitet og lokal forankring. Difor bidreg det lokale reiselivet også til å finansiere ordningar som skal ta vare på produktet vårt.

Eit godt døme er 200 000 frå reiselivet i årleg tilskot i 3 år til verdsarvparken sin Miljøpatrulje.

Difor meiner eg tida er inne for å diskutere tydelegare reguleringar og sertifiseringsordningar innan fleire område av reiselivet. Det gjeld mellom anna guiding, transport og ikkje minst den sterke veksten innan uregulert korttidsutleige.

Målet må ikkje vere å stengje nokon ute, men å sikre rettferdige vilkår og eit reiseliv der fleire tek ansvar for heilskapen. Me må stille spørsmål ved kva slags utvikling me ønskjer for bygdene våre – og kven som faktisk skal sitje att med verdiane som blir skapte.

Reiselivet i Aurland har vist kva som er mogleg å få til gjennom lokal vilje, langsiktig arbeid og investeringar over tid. Skal denne suksesshistoria halde fram, må vi også tore å ta diskusjonen om korleis veksten skal forvaltast vidare.

For den største risikoen er ikkje vekst i seg sjølv. Den største risikoen er å miste kontrollen over utviklinga av vårt eige lokalsamfunn.

🏷️ Extracted Entities (2)

Aurland (place) Miljøpatrulje (entity)