Varslar øving med helikopter: – Det vil gje litt støy
Plus
Tysdag vil luftambulansen øva saman med Statnett.
– Tysdag skal våre folk øva på å bli heist opp i helikopter frå mast og frå vogn, seier oppdragsleiar for beredskap og eigenregiarbeid i Statnett, Fredrik Stenerud.
Det skal skje ved det nye fjordspennet Statnett har sett opp over Fardal, mellom Vinesåsen og Hagafjellet.
– Det er veldig nyttig for oss å øva saman med Norsk Luftambulanse på å redda folk frå ulike situasjonar, legg Stenerud til.
Trenar på ulike scenario
Dette inneber at øvinga vil skapa ein del aktivitet og støy langs fjorden denne dagen.
– Me vil bruka helikopter i redningsøvinga, og det vil gje litt støy i løpet av tysdag.
Helikopteret skal øva på redning frå bakken under leidning, frå mast, og frå vogn på leidning.
Aktiviteten startar rundt klokka 11 og varer fram til 16. Basen for øvinga vil vera på Vinesåsen, over vegen til Fimreite.
Om lag 30 personar vil vera med på eller observera øvinga. Statnett ynskjer å øva med Norsk Luftambulanse for å vera førebudde og førebyggja eventuelle ulykker langs fjordspenna deira.
– Me har fleire fjordspenn og det er eigne utfordringar når det gjeld berging frå desse. Og så er det bra å få jobba saman med folka i Norsk Luftambulanse, seier Stenerud.