Røykutvikling på Storhaug
Full utrykning på Storhaug etter røyk. Årsaka? Eit elsykkelbatteri
Klokka 20:24 fekk politiet melding om røykutvikling frå eit anneks eller ein garasje på Storhaug.
Personar på staden forsøkte sjølv å sløkke røyken, ifølge operasjonsleiar ved politiet Jostein Jaarvik Reiestad.
Berre fire minuttar seinare var dei første nødetatane på plass, og situasjonen blei raskt avklart.
– Det er ikkje pågåande brann eller røykutvikling. Det er mogleg snakk om røykutvikling frå eit batteri, kunne politiet melde kort tid etterpå.
Det blei stadfesta at røyken kom frå batteriet til ein elsykkel. Naudetatane fekk raskt kontroll på situasjonen, og ingen trengde helsehjelp.
Kva som fekk elsykkelbatteriet til å ryke er førebels ukjent.
Video-reel
🏷️ Extracted Entities (2)
Storhaug
(entity)
Jostein Jaarvik Reiestad
(person)