Herold

Flagga for Bodø/Glimt: Det straffa seg for Andreas (35)

Plus
Kilde: Hordaland Author: Åshild Sorteberglien Ljones Published: 2026-05-11 15:58:18
Flagga for Bodø/Glimt: Det straffa seg for Andreas (35)

Andreas Remme Krokstrand let Bodø/Glimt-flagget henga etter cupfinalen i helga. Men no, midt på lyse dagen, har nokre «kjeltringar» vore innom hagen og raska med seg flagget.

– Det er ekkelt å tenkja på at nokon har vore inne i hagen utan at me såg dei. Kona mi var heilt skjelven, fortel Andreas Remme Krokstrand.

35-åringen kjem frå Bodø, men bur på Voss med familien.

Som stolt bodøværing let han Bodø/Glimt-flagget hengja etter at laget hans vann cupfinalen mot Brann laurdag.

Smartembed for https://www.avisa-hordaland.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=539213

– Det har vore god stemning her sidan gullet vart sikra i helga. Og av og til let eg flagget henga litt lenger, humrar han over telefonen.

Men midt på dagen måndag, då kona hans skulle ut for å sjekka til sonen som sov i vogna ute i hagen, var flagget plutseleg vekke.

– Det var veldig rart. Det hang der i eitt tida, då hadde nokon av naboane observert det. Me leita rundt i nabolaget, men det var ikkje der, seier han oppgitt.

– Det gjer meg så sint

Andreas var på heimekontor med sjukt barn i dag.

– Ingen av oss fekk med oss hendinga. Det er det som er så ekkelt, og gjer meg så sint. Ingen har noko i hagen vår å gjera, der dei små borna mine er.

Kart med ID 539216

Andreas spelar sjølv fotball på andrelaget til Voss, og trudde kanskje fyrst det kunne vera nokon lagkameratar.

– Eg ser jo at dette kan vera ein morosam spøk. Eg veit at det er mange Brann-supporterar her på Voss, men ingen av dei eg spurde hadde tatt det. Så smålege er dei ikkje, seier han.

Flagget til nesten tusen kroner er utselt på nett.

– Eg er ikkje så opptatt av flagget. Det er ikkje det viktigaste, men det er det at nokon har snike seg usett inn i hagen min. Eg kan tenkja meg at det ikkje er dei eldste på Voss. Det eg vil er at dei som har gjort det skal vita at sånt ikkje er greitt, seier Andreas.

No spør han også Facebook om tips.

– Set pris på alle tips, om nokon har sett noko, skriv han i ein post på Facebook-gruppa «Voss hjelper Voss».

🏷️ Extracted Entities (6)

Andreas Remme Krokstrand (person) Voss (entity) Bodø/Glimt (entity) Brann (entity) Facebook (entity) ID (entity)