Brannane var påsette – men ikkje av same person
Plus
Politiet er ferdige med etterforskinga av to brannar i Florø torsdag 7. mai.
Ved lunsjtider 7. mai gjekk brannalarmen i Florø, og mannskap måtte rykke ut til Florø ungdomsskule. Her hadde ein lærar oppdaga brann i ein bossbøtte som stod innomhus og slege alarm. Brannen blei sløkt raskt av læraren og utvikla seg ikkje til noko større.
Men like etter gjekk alarmen på nytt.
Denne gongen måtte brannvesenet opp i Storåsen, der det hadde teke fyr inne i ein av dei gamle betongbunkerane frå krigens dagar. Brannmannskapet fekk kontroll på flammane, som fort kunne spreidd seg og blitt til ein langt meir alvorleg terrengbrann.
No har politiet etterforska begge brannane og konstatert at dei er påsette. Men det er ikkje dei same personane som står bak.
Bio Elias Demac
– I begge tilfella er det snakk om eldspåsetjing. Det er ulike gjerningspersonar som står bak, men dei har til felles at dei er under kriminell lågalder og vil ikkje bli straffa for gjerningane, seier etterforskingsleiar hjå politiet i Florø, Elias Demac.
Den kriminelle lågalderen i Norge er 15 år.
– Politiet har hatt dialog med foreldra til dei aktuelle personane, og barnevernet er også kopla inn, slik regelverket tilseier i slike saker, seier etterforskingsleiaren.
Politiet: – Det er veldig alvorleg
Sløkte brann på ungdomsskulen like før det brann i Storåsen
🔗 Published by 2 sources - Compare: