Herold

Det beste for Helene (29) er å få andre til å føle seg fine

Plus
Kilde: Drangedalsposten Author: Else Børte Published: 2026-05-11 10:13:09
Det beste for Helene (29) er å få andre til å føle seg fine

Måndag føremiddag opna Helene's salong på Møane. Den erfarne frisøren satsar og startar opp for seg sjølv.

I frisøryrket blir du fort ein samtalepartnar og hobbypsykolog for dei som sit i stolen og får stelt håret sitt. Å prate med kunden er ein viktig del av arbeidsdagen.

– Eg er heldigvis glad i å skravle, så det passar perfekt, seier Helene Vøllestad.

Bekymret for naboene og nattestøy

Måtte bare gripe sjansen

Helene var frisørlærling i Skien frå 2014 til 2016. Ho har jobba hos drangedalsfrisøren Ann Kristins salong i sju år. Det siste halvanna året har ikkje Helene kunne jobbe på grunn av helsa.

– Eg har sakna å vera på jobb hos Ann Kristin - me hadde det veldig bra saman. Men då eg fekk sjansen til å leige dette lokalet, så måtte eg bare gripe sjansen.

Frisør

Helene har trent styrke for å kunne stå i jobben og er nå klar for den gjevande jobben som diverre kan vera hard for kroppen. Måndag føremiddag opna ho dørene på Drangedals nyaste tilskot på frisørfronten. Og før klokka 10.00 stod alt fyrste kunde på trappene.

– Eg har alt litt kundar i avtaleboka i dag. Kalenderen før 17. mai er eigentleg ganske full alt, men det er framleis nokon klippetimar att.

Ekstra gøy å stripe hår

Det er fetteren til Helenes far, Øystein Vøllestad, som eig bygget. Det husar også Vøllestad el-installasjon. Då Helene fekk sjå lokalet i februar tenkte ho:

– Me køyrer på!

– Øystein har stått veldig på for å få lokalet klart. Eg har også fått vanvitig god hjelp av mamma, pappa og kjærasten min. Eg hadde ikkje klart det utan deira hjelp.

Helene elskar å klippe frisyrer, men synest det å stripe hår er ekstra gøy.

– Du er ikkje redd for å gå dei andre frisørane i Drangedal i næringa?

– Frisørane i Drangedal ser ut til å ha mykje å gjera. Eg trur det er nok kundar til alle.

Veksten fortsetter: – Har økt med 40 mann

🏷️ Extracted Entities (7)

Helene Vøllestad (person) Drangedal (entity) Ann Kristin (person) Øystein Vøllestad (person) Helene's (entity) Møane (entity) Skien (entity)