Herold

Vern som verkar – legg til rette for at kulturhistoriske miljø er i bruk

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Harald Halvorsen Løland, gruppeleiar Rogaland Senterparti og medlem i Kultur- og næringsutvalet  Published: 2026-05-11 11:33:21
Vern som verkar – legg til rette for at kulturhistoriske miljø er i bruk

Det er brei semje om målet: Me skal ta vare på dei gamle bygningane og dei særprega kulturmiljøa våre. Sogndalstrand, Skudeneshavn og Gamle Stavanger er ikkje berre fine kulissar – dei er levande stader som fortel historia om kyst, handel, handverk og kvardagsliv. Nettopp difor må me òg tole ein ærleg diskusjon om korleis me tar vare på desse miljøa.

Saka i Sogndalstrand, slik både NRK og Dalane Tidende har omtalt, viser ein konflikt som dessverre ikkje er eineståande: Eigarar og drivarar som vil halde historiske bygg i aktiv bruk, møter krav som gjer vedlikehald og oppgraderingar unødvendig dyre og kompliserte – og i verste fall endar det i rettslege prosessar. Det tener ingen: ikkje eigarane, ikkje lokalsamfunnet og i alle fall ikkje kulturminna.

Den viktigaste regelen i kulturminnevern er enkel: Bygg som er i bruk, blir tekne vare på. Bygg som står tomme, forfell. Når eit gamalt sjøhus blir hotell, kafé, verkstad, bustad eller galleri, får det inntekter, tilsyn og jamleg vedlikehald. Då blir kulturmiljøet levande – ikkje eit museum utan folk og til forfall.

Skal me lukkast med dette, må kulturstyresmaktene i større grad leggje til rette for at vern og bruk kan gå hand i hand. Vern må ikkje bli eit system som i praksis premierer tomme bygg og straffar dei som investerer i aktivitet.

I omsynssoner og bevaringsområde er det heilskapen som betyr mest: proporsjonar, materialverknad, fargar, takformer, vindusdeling og fasadeuttrykk. Det er dette som gjer at eit kulturmiljø opplevast som truverdig og samanhengande.

Difor bør hovudregelen vere: Så lenge det visuelle uttrykket blir teke vare på, må det vere rom for moderne og standardiserte løysingar som gjer vedlikehald mogleg for vanlege folk og vanlege verksemder. Det kan handle om vindauge, beslag, isolasjonsløysingar og materialval som finst i marknaden – og som kan vedlikehaldast utan spesialbestillingar, urimelege kostnader eller lange ventetider.

Poenget er ikkje å senke ambisjonane, men å gjere vernet gjennomførbart. Når krava blir så rigide at berre dei med god råd kan følgje dei, skyv me ansvaret over på eit fåtal – og me risikerer at kulturmiljøa gradvis blir tappa for liv. Krav må opplevast forståelege.

Me treng kulturstyresmakter som er tydelege på kva som skal bevarast, men også pragmatiske på korleis det kan gjerast. Me treng meir rettleiing, meir føreseieleg praksis og mindre konflikt. Og når usemje oppstår, bør målet vere løysing – ikkje eskalering.

I Senterpartiet meiner me kulturarven best blir teken vare på gjennom rett bruk, aktiv forvaltning og formidling – og at private eigarar og frivillige er ryggrada i vernearbeidet. Då må òg verkemidla støtte opp under nettopp det: bruk, drift og vedlikehald.

Viss me meiner alvor med å ta vare på kulturmiljøa våre, må me sørgje for at det er mogleg å bu, arbeide og skape næring i dei. Då må regelverk og praksis innrettast slik at dei som faktisk tar ansvar, ikkje blir møtte med urimelege krav.

Kulturmiljøa våre er ikkje berre fortid. Dei er framtid – dersom me let dei vere i bruk. Også byråkratiet må ha lov å bruke sunn fornuft.

🏷️ Extracted Entities (5)

NRK (entity) Gamle Stavanger (person) Senterpartiet (entity) Skudeneshavn (entity) Sogndalstrand (place)