Det er framleis godt rom for meir nynorsk
Dei siste Ära har nynorskveka 6.-12. mai vore feira pÄ ulike mÄtar over heile landet. Poenget er at vi i denne veka kan vise positive og morosame omrÄde der nynorsken kan gjera seg gjeldande. Eit av eksempla i Är er at Bane Nor har gitt nynorsk tekst pÄ digitale flater pÄ stasjonar rundt om i landet. Nynorskveka endar opp i dagen 12. mai, som er dagen i 1885 da Stortinget vedtok at nynorsk skal vera likestilt med bokmÄl. For Ä nÄ dette mÄlet, er det ennÄ ein veg Ä gÄ.
Noko vi denne veka kan glede oss over, er at nynorskinnslaget i mange aviser har auka dei siste Ära. SÄleis er det slutt pÄ at Aftenposten omset innsende artiklar frÄ nynorsk til bokmÄl. I VG og andre riksaviser er det ogsÄ mindre restriksjonar pÄ at journalistar skriv sine artiklar pÄ nynorsk.
Gudbrandsdalen er pÄ mange mÄtar ein nynorskdal. I 7-8 av 12 kommunar er nynorsk vald som skulemÄl. I 4 kommunar er nynorsk ogsÄ vald som administrasjonsmÄl, mens dei andre er «sprÄknÞytrale». I svÊrt mange av kyrkjene er nynorsk vald som kyrkjemÄl. Og ein stor del av forfattarane frÄ Gudbrandsdalen, bÄde tidlegare og nÄlevande skriv pÄ nynorsk. à rbok for Gudbrandsdalen, som snart kjem ut med Ärgang 100, kjem i all hovudsak ut pÄ nynorsk. Det same gjer fleire andre ÄrbÞker i dalen. OgsÄ nokre bedrifter, sÊrleg innan matproduksjon nyttar nynorsk.
Men fleire av lokalavisene i dalen viser dessverre ikkje den same gode nynorskbruken. Dette er uheldig, for det er med pÄ Ä gi lite stÞtte i avisene for den lokale sprÄkskikken i store delar av dalen.
For Ä diskutere sprÄket i lokalavisene i dalen, arrangerte Fron mÄllag eit mÞte i 2022 der redaktÞrane i GD, DÞlen og Fjuken deltok. Vi fekk ein god diskusjon om korleis nynorskinnslaget i GD og DÞlen kunne styrkast. Seinare har vi sett at talet pÄ nynorskartiklar i GD ogsÄ har auka markant. Og i fjor haust vart dette lÞnna med at redaktÞr Tom Martin Hartviksen i GD fekk MediemÄllaget sin nynorske redaktÞrpris for 2025. Fron mÄllag fÞlgde opp dette pÄ eit nytt mÞte i april 2026 der vi ogsÄ nÄ inviterte redaktÞrane i Gd og DÞlen. Dessverre mÄtte redaktÞr Hartviksen i siste liten melde avbod til dette mÞtet. I staden sende han oss slik helsing:
«MÞtet jeg var pÄ hos mÄllaget sist gjorde meg mer bevisst pÄ nynorskbruken i GD. Siden den gangen har vi ansatt to faste journalister som skriver nynorsk, i tillegg til at vi har hatt en praktikant her fra Nynorsk pressekontor. Vi har ogsÄ lagt sprÄkregler som tydelig forteller at det er valgfritt hvilket skriftsprÄk du som journalist i GD benytter.»
Denne positive endringa i GD viser at det nyttar Ä ta opp dette temaet til diskusjon med avisene. Likevel bÞr det framleis vera godt rom for at GD aukar nynorskdelen vesentleg meir. Vi mÄ berre seia lykke til i dette arbeidet!
GD sin snuoperasjon og avisa si tydeleg meir positive haldning til nynorsk, er ei gladmelding til alle oss som er opptekne av meir nynorsk og meir sprÄkmangfald i region- og lokalavisene. Denne gladmeldinga kan vi gjerne spreie nÄ i desse dagane i mai, midt i nynorskveka.