Ringebu Folkehøgskule – over og ut?
- april las vi i avisa at styret har vedteke å legga ned skulen frå hausten 2026. Det kom som eit sjokk for veldig mange. Årsaka er at for få elevar har søkt. Samstundes står det på heimesida til skulen:
«Folkehøgskolene har aldri vært mer populære enn det de er nå. Det betyr at det kan være lurt å søke tidlig om du ønsker plass på en bestemt linje.»
Det står også at: «Vi tar opp elever fra 1. februar og helt fram til skolestart. Det er såkalt rullerende opptak, hvilket betyr at vi tar opp elever fortløpende etter at de har søkt om plass på skolen.»
Etter det vi les i avisa er det 37 elevar her dette skuleåret. Det er 10 som har takka ja til plass for komande skuleår. Dei må ha minimum 50 elevar for å kunne drive, får vi opplyst. Vi veit at ungdomane enda ikkje har fått attende svar frå vidaregåande skular om kven som kjem inn på ulike liner – og det same gjeld høgskule og universitet.
Når skulen i inneverande år har gått med for få elevar, undrar eg meg over at det ikkje har vore betre kjent at ein var i ein kritisk situasjon. Når styret nå legg ned utan ei gong å drøfte saka med vertskommunen, som og er med i eigarstiftinga, finn eg dette pussig.
Ringebu Folkehøgskule er av dei eldste folkehøgskulane i landet, etablert i 1876 som amts (fylkes) skule, seinare omdanna til folkehøgskule. Etableringa var alt året etter at Stortinget hadde vedteke å etablere amtsskular i samarbeid med amta. Denne frilynte skulen var ei av tre typar folkehøgskule for ungdom, skular basert på Grundtvigianismen (den fyrste etablert i 1864) og kristelege skular (den fyrste etablert i 1893.) Folkehøgskulelova er gjeldande for alle, og vart sist revidert i 2025.
Skulane har gått gjennom mange justeringar basert på endringar i samfunnet, og har absolutt følgt med inn i vår tid med moderne og aktuelle liner. Det som kjenneteiknar skulane er at dei er internatskular for ungdom frå 18 år og oppover (nokre har frå 16 år), er karakterfrie og byr på heilt andre arbeidsformer enn vanleg skule. Ein periode fekk dei poeng for å ha eit år på folkehøgskule, dette var godt å ha med seg i søknadar seinare. Det vart det slutt på, diverre, det var ein viktig faktor for mange ungdomar som del av vidare utdanning.
Skulen i Ringebu har dei siste åra tilbod om 7 liner, sterkt knytt til friluftsliv og reiseliv. I vår tid er det framleis stort behov for eit slikt annleis skuletilbod for dei mange ungdomane som er på leit etter noko meiningsfylt å bruke eitt år på – eit vente år, eit prøve år, eit år å koma inn i nytt miljø og bli kjent nye ungdomar – og kan hende seg sjølv?
I dag (11.05) melder NRK om at det i år er 20 % fleire søkjarar til folkehøgskulane i landet.
Det er utallige ungdomar som treng eit slikt år. Samfunnet treng ein slik skule nå og for framtida. Ein dannings- og kulturinstitusjon vart lagt ned med eit pennestrok. Det er vanskeleg å fatte.