Kva er belegget på InterCity, Nygård?
Alle er like, men nokon er likare enn andre. Og aller likast er dei som bur nærast Oslo-makta. Det ser ut til å vere mottoet til dagens regjering i samferdslepolitikken. Dei som taper mest på det, er oss på Vestlandet.
Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård grunngir framlegg om kutt i flytilbodet frå kortbaneflyplassane i Sogn og Fjordane med «for dårleg belegg». Då må ein stille det opplagde motspørsmålet: Kva er belegget på Intercity-toga rundt Oslo utanfor rushtida?
Staten brukar kvart einaste år enorme summar på togtrafikk inn og ut av Oslo, både til investering og drift. Store delar av døgnet går toga på statens rekning med god plass i vognene, utan at nokon samferdsleminister står på Dagsrevyen og problematiserer «belegget».
Kvifor? Fordi alle forstår at dette handlar om noko større enn reine passasjertal på kvar enkelt avgang. Det handlar om å halde eit heilt samfunn i gang.
Akkurat det same gjeld flyrutene til og frå Vestlandet.
Kortbanenettet er ikkje eit luksustilbod for folk og næringsliv i Sogn og Fjordane. Det er vår InterCity, i ein del av Noreg der alternative løysingar er urealistiske. Det er infrastrukturen som gjer det mogleg å drive næringsliv, rekruttere folk, kome seg til universitet, kundemøte og alle nasjonale organisasjonar og institusjonar som stort sett er samla i Oslo.
Regjeringas forslag om flyrutekutt i Sogn og Fjordane er heller ikkje eit eingongstilfelle.
Finansminister Stoltenberg og Statsminister Støre nyttar kvart einaste høve til å snakke ned Stad skipstunnel som eit ulønsamt prosjekt. Samtidig blir det investert tallause milliardar i veg- og jernbaneprosjekt og andre store byggeprosjekt i og rundt Oslo med svakare samfunnsøkonomisk lønsemd, utan at det blir problematisert på same måte. Det neste gigantomane Oslo-prosjektet heiter «Rikstunnelen» og kostar minst 70 milliardar kroner. Ti gonger meir enn Stad Skipstunnel.
Mathias Fischer (Initiativ Vest) skreiv nylig treffande i E24 om korleis staten rett og slett subsidierer sentralisering i og rundt Oslo-området. Han peiker på det mange kjenner på: At Noreg er i ferd med å utvikle eit stadig meir sentralisert maktsystem rundt hovudstaden.
Det er akkurat det også saka om flyrutekutta eigentleg handlar om.
Samtidig som vi på Vestlandet blir oppmoda om å skape meir vekst, meir eksport og fleire arbeidsplassar, blir dei grunnleggande føresetnadene for å lukkast gradvis svekka. «Oslo-suget» er sterkare enn nokon gong – på folk, kapital, kompetanse og politisk merksemd.
I mi rolle som dagleg leiar i Stiftinga Drivkraft arbeider eg kvar dag for å mobilisere lokal kapital og skape vekstkraft i næringslivet i Sogn og Fjordane. Då er det ganske oppsiktsvekkande å oppleve at staten samstundes ser ut til å bygge ned infrastrukturen som gjer nettopp dette mulig.
Dette handlar ikkje berre om flyruter. Det handlar om kva slags land Noreg skal vere.
Eit land der stadig meir blir samla i og rundt Oslo, medan resten av landet får beskjed om at «belegget ikkje er godt nok»? Eller eit land der vi legg til rette for verdiskaping der ressursane faktisk er, og gir næringslivet i heile landet verktøya dei treng for å skape vekst, arbeidsplassar og framtidstru?
Difor må regjeringa snu. Oppretthald flytilbodet. Bygg Stad Skipstunnel. Ta heile landet i bruk. I praksis, ikkje berre i festtalar.
Flyr høgt: Vil overkøyre Ap igjen
På tide at Arbeidarpartiet legg vekk arrogansen!
Fylkesordføraren reagerer på flykutt: – No er det berre ein måte å løyse dette på
Desse rasar mot «eigne» kutt: – Vi er ikkje med på dette
🔗 Related Articles (1)
View Graph