Vestlandet skaper verdiane – men må kjempe for infrastrukturen
Det er noko grunnleggande skeivt med måten samferdsel og investeringar blir prioriterte i Norge. Når distrikta og Vestlandet ber om noko så grunnleggande som stabile flyruter og billettar folk har råd til, blir det snakk om innsparingar, kutt og «vanskelege prioriteringar».
Samtidig ser vi milliardprosjekt i Oslo der budsjetta stadig sprekk – utan at det verkar å vere same vilje til å stoppe opp. Regjeringskvartalet er no estimert til over 53 milliardar kroner. Follobanen har passert over 30 milliardar. Fornebubanen og T-baneprosjekt kostar enorme summar. Nasjonalmuseet og Deichman Bjørvika har òg blitt milliardprosjekt. Kva om ein byrja å stille det same spørsmålet tilbake?
Kvifor er det alltid pengar til Oslo – men ikkje til distrikta? Det er på Vestlandet mykje av verdiskapinga faktisk skjer. Det er her Norge tener enorme pengar på:
• olje og gass • offshore • havbruk • eksport • industri • maritim sektor • energi.
Mange av selskapa har kanskje hovudkontor i Oslo, men verdiane blir i stor grad skapte ute langs kysten og i distrikta. Likevel må Vestlandet stadig kjempe for heilt grunnleggande infrastruktur.
Kortbanenettet og FOT-rutene er ikkje luksus. Dei er avgjerande for at folk og næringsliv skal kunne fungere. Når flyrutene blir kutta eller dyrare, får det direkte konsekvensar for arbeidsliv, helsevesen, møteverksemd og beredskap.
Offshorearbeidarar kan bli sitjande fast på hotell. Arbeidsreiser som tidlegare kunne gjerast på ein dag, kan plutseleg krevje fleire dagar. Folk mister fritid og familietid fordi transporttilbodet blir dårlegare.
I tillegg må staten halde fram med subsidiering av billettane. Utan dette blir prisane så høge at mange vanlege folk ikkje kan bruke tilbodet.
Det handlar ikkje om å vere mot Oslo. Hovudstaden treng sjølvsagt investeringar den òg. Men Norge er meir enn Oslo. Kanskje er det på tide at ein større del av investeringane faktisk går til områda som skaper mykje av verdiane landet lever av.
Vestlandet treng ikkje mindre satsing. Vestlandet treng meir.
Flyr høgt: Vil overkøyre Ap igjen
Desse rasar mot «eigne» kutt: – Vi er ikkje med på dette
Fylkesordføraren reagerer på flykutt: – No er det berre ein måte å løyse dette på
Ut mot flykutt: – Blir fullstendig avskorne