Herold

Det går framleis ikkje tog til Fjaler

Kilde: Firda Author: Andreas Fonn Macsik, Dagleg leiar i Nytta AS, Dale i Sunnfjord Published: 2026-05-11 08:01:23
Det går framleis ikkje tog til Fjaler

Fjaler, og Vestlandet elles, står midt i ei stor og framtidsretta omstilling. Vi omstiller oss frå olje- og petroleumsbasert aktivitet til grøn industri, bygd på industriell symbiose, ny teknologi og kompetanse som alt finst i regionen. Verdiskapinga i det grøne skiftet skjer der ressursane er, og Vestlandet har kraft, naturressursar og industrimiljø som kan levere.

Men då må regionen vere tett kopla på dei nasjonale knutepunkta. Regjeringa kuttar no i krava til kapasitet og avgangstider på FOT-rutene. For oss som er avhengige av sambandet Førde–Oslo svekkjer det kontakten med hovudstaden, nett der vi treng hyppige og føreseielege reiser for å hente kompetanse, kapital og kundar. Vi krev at anbodskrava for flyrutene sikrar eit tilbod med frekvens og kapasitet som gjer dagsreiser mogleg.

I Fjaler produserer vi kraft og er i gang med store industrietableringar som skaper nye arbeidsplassar. Selskapa våre utviklar og byggjer fornybar energi og leverer teknologi til kraftmarknaden, nasjonalt og internasjonalt. Vi byggjer òg kompetanse og livskraftige lokalsamfunn gjennom fleire skuleslag, profesjonelle kulturinstitusjonar og helseforetak. Det er slik vi gjer det attraktivt å bu her, og slik vi kan rekruttere den arbeidskrafta den grøne industrien treng.

Utviklinga er positiv, men vi lukkast berre dersom dei viktigaste rammevilkåra er på plass. Tilgang på flyruter med høg nok frekvens, tilstrekkeleg kapasitet og avgangstider som gjer dagsreiser mogleg er ikkje eit gode, det er eit konkurransevilkår. Når desse krava blir mjuka opp, er faren at tilbodet gradvis blir svekt.

Dette er ikkje berre ei lokal sak. Det handlar om konkurransekrafta og framtida til heile regionen. Regjeringa må sørgje for at anbodskrava for flyrutene held fast ved eit tilbod som svarar til dei behova næringslivet faktisk har. Det går framleis ikkje tog til Fjaler. Då må vi i det minste ha eit flytilbod som gjer at distrikta kan levere på omstillingsoppdraget.

Flyr høgt: Vil overkøyre Ap igjen

Desse rasar mot «eigne» kutt: – Vi er ikkje med på dette

På tide at Arbeidarpartiet legg vekk arrogansen!

Nektar å stanse fly-kutta

🏷️ Extracted Entities (6)

Fjaler (entity) Vestlandet (entity) Ap (entity) Arbeidarpartiet (entity) FOT (entity) Førde–Oslo (entity)