Herold

Er det meg som bonde som skal betale for påfunna til ein handfull gamle, galne menn?

Kilde: Firda Author: Anton Guddal, Bonde, Guddal Published: 2026-05-11 08:11:29
Er det meg som bonde som skal betale for påfunna til ein handfull gamle, galne menn?

Sjeldan har den norske bonden fått svi så mykje for handlingane til ei handfull galne menn i verdspolitikken. Krigen i Midtausten fører til fare for mangel på diesel og bensin. Statsminister Støre seier tiltak kan kome: Til dømes heimekontor.

Heimekontor er vi bønder vant til, men det må uansett vere diesel på kontoret. Det er rart å bli fortalt at bønder kanskje ikkje kjem til å få den dieselen vi treng.

Då kan politikarane seie det som det er til forbrukarane: Vi kan dessverre ikkje prioritere drivstoff til matproduksjonen, så det blir lite norskprodusert mat på bordet framover.

Er det eg som bonde som skal bere kostnad og risiko for matberedskap når det er ei handfull gamle galne menn som har sett verda på hovudet?

Når ressursane minkar, så må ein prioritere rett

Blir det rasjonering på drivstoff, så må i alle fall dei som har tilgang på kollektivtransport i byar prioriterast ned. Dei får heller gå eller sykle til pedikyren sin og alt anna rart dei fordriv tida med. Til dei som uroar seg over drivstoff til fritidsbåtane sin har eg eitt råd: Sett i keipar og finn fram årer, og ro.

Vi som produserer mat her til lands utgjer no cirka 5 prosent av folket. Vi har ikkje slagkraft til å oppretthalde eller auke matproduksjonen på eiga hand. Det er på høg tid at resten av befolkningen får ut fingeren og fortel kva dei tenker om norsk matproduksjon.

Alt blir dyrare – bøndene får mindre

Siste åra har vi hatt ein brutal prisauke på alle innsatsmidlar: Drivstoff, straum, kunstgjødsel og anna. Samtidig set Tine ned prisen dei betaler til bøndene for mjølka med 16 øre literen, grunna auka driftskostnadar.

Den luksusen har ikkje bøndene. Vi er snart i same situasjon som i Ukraina, der innsatsamidlane bøndene treng er så dyre at dei ikkje har råd til å verken så eller hauste på mykje av jorda si. Det er eit punkt vi ikkje ønskjer å ende på.

Så er det kanskje nokon som seier: Kan de ikkje berre auke prisane?

Svaret er nei. Vi er statleg styrt og så gjennom regulert at vi i praksis er leilendingar på eige bruk. Det einaste vi slepp søke om, er når vi går i fjøset.

Det kan fort bli ein brutal slankekur

Vi står midt i ei dyrtid og energikrise. Beredskap har aldri vore viktigare. Det er krig i Europa og i Midtausten. Oljeprisen hoppar som ein galning i takt med kva desse gamle, galne mennene styrer med. Beredskap har aldri vore viktigare. Kjernen i beredskap er å kunne fø eiga befolkning. Per no ligg vel Norge ein stad mellom 35–40 prosent. Med andre ord: Stoggar importen opp, så blir det tvangsslanking på folket.

Kan vi ete minesveiparar?

Eg blir skaka over å sjå kva deler av beredskapen som blir dregen opp av dei politiske hattane. Kva i alle dagar skal vi med rakettar, minesveiparar og anna til milliardar av kroner, om vi svelt i helg før vi får tatt det i bruk?

Eg tenker tida er mogen for å sende Stortinget på eit solid beredskapskurs med Robert Mood! Svaret er ikkje berre fleire våpen, men betre vilkår for matproduksjon, og fleire bønder!

Snart er det berre å avvikle

Nyleg høyrde eg på radioen at Bondelaget frykta at om ikkje bønder fekk diesel til innhausting, så ville landbruket stogge opp. Det er ein veldig snill måte å seie det på det som blir resultatet: At vi må slakte ned besetningar og avvikle drifta. Det å skulle produserer kjøt og mjølk på tomme forlanger er ein vanskeleg sport.

Reguleringslagera av kjøt er tomme. Vi importerer som aldri før. Det er eit varsel om at vi er på feil veg. Vi som er opptekne av dyrevelferd, veit vi korleis importert kjøt er produsert, og kva medisinbruk det krev?

EU står med opne dører, men kort fort blir den lukka når vi står med hua i handa?

EU vil elles innføre eit nytt handelssystem som skal erstatte EØS-avtalen. Sjølvsagt står døra open for oss: Vi har olje, oljefond og store naturressursar. Eg lurer på om døra var like open om vi banka på døra ihelsvoltne utan slikt å vise til. Då trur eg pipa hadde fått ein anna låt.

Eg har fått med meg at fleire politikarar i Europa tek til ordet for at Norge bør betale ein skatt til Europa grunna store ekstrainntekter på olje og gass. Det fortel vel det meste om korleis dei ser Norge: Rikdom, som ein kan få kloa i.

Eg kan ikkje avslutte med anna enn å ynskje alle som er interessert i at vi skal ha norsk matproduksjon lykke til med jordbruksforhandlinga.

🏷️ Extracted Entities (10)

Europa (entity) Norge (entity) Midtausten (entity) Bondelaget (entity) EØS (entity) Robert Mood (person) Stortinget (entity) Støre (entity) Tine (entity) Ukraina (entity)