Herold

17. mai stjeler nattesøvnen min

Plus
Kilde: BA Author: Forelder Published: 2026-05-11 07:47:53
17. mai stjeler nattesøvnen min

Heile konseptet «frivillig» har fått ein ny definisjon. Her er det ingen tvang – men den som ikkje vil kome, den skal!

Eg kjenner det allereiei kroppen. Den stille panikken. Den som kjem snikande kvar gong mobilen vibrerer – fordi vi alle veit kva det betyr no.

  1. mai nærmar seg.

Ein dag for is, barnetog, flagg og nasjonal stoltheit. I teorien. I praksis? Eit prosjekt så omfattande at det får bryllupsplanlegging til å framstå som ei kjapp SMS-gruppe.

Det startar månader før med meldingar i klassens Messenger-gruppe:

«Hei alle! Vi treng nokon som kan bake kake til feiring i Ågotneshallen»

«Vi treng vaktar! Gjerne tre til kvar post – og hugs å møta opp minst ein time før.»

«Kan nokon henge opp pynt? Henta gevinstar? Sette opp fiskedam? Rydde etterpå?»

Og dersom du er så frekk at du ikkje skal vere med på sjølve feiringa i Ågotneshallen, då kjem den: «Du skal vel i alle fall bidra med ei kake, sant?»

Heile konseptet «frivillig» har her ute fått ein ny definisjon. Her er det ingen tvang – men den som ikkje vil kome, den skal!

Men det verkelege marerittet? 17. mai-komiteen.

Først kjem det eit venleg spørsmål: «Nokon som vil melde seg frivillig?»

Stille. Så påminning. Så påminning med smilefjes. Og når ingen svarar: Loddtrekning.

Det er altså ikkje berre dugnad – det er tvangsinnmelding. Med eit slags omvendt premiesystem der du, i staden for å vinne noko, får ansvar for halve bygdas feiring og beskjed om å møte kl. 06:45 med ballongpumpe, kaffikanne og fire liter pavlovabunn.

Og dei to stakkars foreldre som blir trekte ut? Dei svarar i kommentarfeltet med eit smilefjes og setninga: «Kjekt å kunne bidra!»

Ein veit ikkje om det er ekte glede eller rein overlevingsteknikk – men respekt får dei.

Og midt i alt dette: Superdamene.

Gjerne dei med høg grad av fleksibilitet i arbeidslivet og eit nivå av engasjement som kunne drifta ein mellomstor kommune.

Dei har alltid fleire forslag:

– Ekstra utflukt

– Heimelaga mat frå alle foreldre sin barndomsdal

– Peparkakebaking i oktober

– Smoothiedag

– Felles pysjfest med pynt, muffins og aktivitetsstasjonar

Og vi som jobbar faste tider, har ungar i tre retningar og så vidt rekk å puste? Vi får skuld, blikk og følelsen av å ikkje «bidra nok».

Men eg seier det no, høgt og tydeleg: Det er lov å ikkje bake. Det er lov å ikkje ville vere med i komiteen. Og det er heilt greitt å kjøpe bollar på Rema.

Neste gong det skal trekkast lodd? Trekk gjerne – men eg vil ha varseltrekning og advokat til stades.

  • Kva meiner du? Send ein e-post til debatt@ba.no!

Og dette gjeld ikkje berre 17. mai. Det er heile året:

– Skoledisko? Du skal bake og stå vakt.

– Natteravn? Du skal gå i mørket mens andre ser Netflix.

– Pysjdag? Klart det skal bakast muffins.

– Morsmålsdagen? Heimelaga mat frå mor si oldemor i Nord-Usbekistan.

Og når du kjem med bollar frå Rema og seier «Eg rakk ikkje å bake», får du det blikket. Det som seier: «Ja ja. Det er tanken som tel. Trur eg.» Men har du og med noe uten gluten, laktose, sukker og smak?

Barna våre treng ikkjemuffins kvar gong dei pustar. Det er lov å ikkje orke. Det er lov å seie nei. Det er lov å tenkje: «Eg vil gjerne feire landet mitt – men ikkje via Excel-ark og påtvungen moraldugnad.»

Neste år melder eg meg som frivillig – i ein annan nasjon. Gjerne ein med mindre dugnad. Eventuelt på rotasjon som diplomat i Midtausten.

Berre ikkje fleire fiskedammar.

Og heilt til slutt: Vi veit at nokon har meir tid – og det er faktisk heilt fantastisk at folk stiller opp og får dette til å gå rundt. Men kanskje vi kan skru ned stressnivået eit par hakk på Richterskalaen?

Helsing ein som elskar barna – men som har mista nattesøvnen til 17. mai-komiteen og skolediskovakter.

BA kjenner skribentens identitet. Av hensyn til barna har vi valgt å la vedkommende være anonym.

🏷️ Extracted Entities (8)

Rema (entity) Messenger (entity) Midtausten (entity) Netflix (entity) Nord-Usbekistan (entity) Richterskalaen (entity) SMS (entity) Ågotneshallen (entity)