Kva slags politisk kultur ønskjer me i Sogndal?
Plus
Eg meiner det er grunn til å reagera på måten ordføraren opna formannskapsmøtet denne veka på. Dette handlar ikkje om kva parti ein støttar, eller om møteplikt og permisjonar er viktige spørsmål. Det er dei. Folkevalde har eit ansvar for å møta opp og bidra i dei demokratiske organa våre.
Men dette handlar om korleis slike spørsmål vert handterte – og kva slags politisk kultur me ønskjer i kommunen vår.
I starten av møtet brukte ordføraren fleire minutt på å kritisera ein kommunestyrerepresentant og eit parti i eit møte som vert sendt direkte til innbyggjarane. Samtidig vart andre parti løfta fram som «ryddige» moteksempel. Mellom anna sa han: «Dette går berre ikkje, ein kan ikkje komma og gå som folkevalde», og fortalde at han hadde kontakta KS Vestland for at heile partigruppa skulle gjennomgå regelverket knytt til permisjonsreglar.
Eg trur mange, uavhengig av politisk ståstad, reagerer når usemjer vert handterte på ein måte som opplevest meir som offentleg refs enn sakleg møteleiing.
Dette handlar ikkje om at ordføraren ikkje skal kunna ta opp utfordringar dersom han meiner noko ikkje fungerer. Det er ein del av ansvaret hans. Men det finst ein stor forskjell mellom å handtera slike spørsmål ryddig og sakleg – og å bruka eit offentleg, direktesendt møte til å irettesetja enkeltpersonar og eit heilt parti frå ordførarstolen.
Det som gjer situasjonen ekstra uheldig, er at personen som vart omtalt ikkje var til stades og difor heller ikkje hadde moglegheit til å svara eller forklara seg. Samtidig sit publikum att utan å kjenna heile bakgrunnen. Då er det lett å skapa eit skeivt inntrykk av både personar og parti.
Ein ordførar er ikkje berre representant for sitt eige parti. Ordføraren skal òg vera ein samlande leiar for heile kommunen og bidra til tillit i det politiske arbeidet. KS sine eigne rettleiingar understrekar nettopp dette: at ein ordførar skal opptre korrekt overfor alle representantar og bidra til eit godt politisk klima.
Og nettopp difor meiner eg dette er uheldig. Sogndal kommune har over tid vore prega av mykje konflikt og uro i offentlegheita. Då treng me politiske leiarar som dempar konfliktar, byggjer tillit og handterer usemjer på ein måte som skaper respekt – også når ein er usamde.
Dette handlar ikkje om kven som har rett i saka. Det handlar om kva slags politisk kultur me ønskjer i Sogndal.
Møtet ligg ope tilgjengeleg for alle som ønskjer å sjå det sjølve. Eg oppmodar folk til å sjå dei første minutta av opptaket og gjera seg opp si eiga meining.
Refsa for open mikrofon: – Skulle vore gjort annleis