Herold

Dagens ros til alle engasjerte foreldre og tilsette

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2026-05-11 00:00:00
Dagens ros til alle engasjerte foreldre og tilsette

– FAU ved Espira Halsnøy Kloster barnehage ønskjer å gi dagens ros til alle foreldre og tilsette som møtte opp og gjorde ein kjempeinnsats på dugnad ved uteområdet i barnehagen torsdag 7. mai. Nydeleg vêr, gode førebuingar og mange engasjerte og motiverte menneske med eit felles mål: Gjera dagen for barna endå betre i barnehagen vi er så glade i. Med høg arbeidsmoral, sveitte og latter, samt noko godt å tygga i ved sida av kaffien, hadde vi nokre fine ettermiddagstimar der mykje blei gjort. Alle bidrog med det dei kunne av snekring, maskinar, luking, feiing, kreativitet, matlaging og muskelkraft. Tusen takk for at så mange valde å bruka ein ettermiddag saman med oss i barnehagen! helsar Benedikte H. Bjørnevik på vegner av FAU i barnehagen.

🏷️ Extracted Entities (3)

Benedikte H. Bjørnevik (person) Espira Halsnøy Kloster (person) FAU (entity)