LANGRENN: Julie Bjervig Drivenes i tårer etter kjempetabbe på 20 kilometer fellesstart med skibyte
Langrennskometen Julie Bjervig Drivenes var lenge med i kampen, men då ho skulle byte ski gjekk det gale.
Weng på pallen
Trøbbel med skibyte
Diggins og Karlsson kløner under skibytte
Fire norske med
– Det øydelegg jo alt, da, det gjer det, seier ein skuffa Julie Bjervig Drivenes til NRK etter rennet.
Langrennsløparen hang lenge med under fellesstarten med skibyte i Trondheim laurdag.
Men då ho skulle byte frå klassisk- til skøyteski, gjekk det gale. Ho mista staven og brukte klart lengst tid på å byte ski.
– Eg har nytt skimerke, så desse bindingane er litt uvande, seier Drivenes.
Drivenes fortel at ho trudde hadde fått på seg skia, men at då ho skulle byrje å gå, sat ikkje foten fast.
TV-bilda viser at Drivenes måtte gå nærare 20 meter i motsett retning på grunn av tabben.
MÅTTE SNU: Julie Drivenes måtte snu og gå tilbake i nærare 20 meter.
– Så kom eg litt uti her før eg innsåg at eg hadde ein klassisk- og ein skøytestav, måtte snu og gå tilbake til skidepotet, hente riktig stav og så begynne å gå, seier ho.
26-åringen hamna til slutt på ein 28. plass. Jessica Diggins vann framfor Heidi Weng og svenske Ebba Andersson.
PALLEN: Jessica Diggins vann framfor Heidi Weng og Ebba Andersson.
Drivenes, som enda har til overs å prestere i verdscupen, fortel at ho ikkje mista motet då hadde bytt ski.
– Overraskande nok klarte eg ikkje å miste det heilt ut frå start der og prøvde å kome meg opp. Så følte eg det gjekk fort i starten der, så eg trudde eg kunne begynne og plukke grupper, men eg kom meg ikkje opp til der eg var.
Ho fortset:
– Eg føler presset på å behalde plassen i verdscupen her, så den er vanskeleg å svelge kjenner eg.
BRA START: Julie Bjervig Drivenes var på pallen to dagar under sesongstarten på Beitostølen.
Drivenes, som har uttalt at ho er best i fristil, fortel at ho var nervøs før klassiskdelen.
– Då eg hang med tetgruppa, tenkte eg at: nå kan eg gjere eit bra løp, fortel ho.
– Ein føler at ein mistar plassen på verdscuplaget.
– Kva tenker du nå om denne plassen?
– Min beste distanse er i morgon. Så eg må eigentleg gløyme dette her så fort som mogleg og gå fort i morgon, rett og slett. Så enkelt og greitt.
Også fleire utøvarar fekk trøbbel under skibytet.
Frida Karlsson var blant dei fyrste inn etter at klassiskdelen var ferdig. Men på veg inn i båsen der skøyteskia låg, gjekk Karlsson og Jessica Diggins på kvarandre. Og Karlsson ramla.
Trass i fallet, klarte både amerikanaren og svensken å kome seg kjapt ut av skibytet.
– Me krasja. Frida sine ski kom framfor boksen min, men det enda med å ikkje ha ein betydning, sa Diggins til NRK etter løpet.
Det blei køyrt hardt då kvinnene gjekk sin fellesstart med skibyte. Astrid Øyre Slind var tidleg ute med å sette fart på feltet.
Og etter kvart fekk ei gruppe forsprang på resten av feltet.
– Med tanke på et OL-uttak er det alfa-omega å vere her framme nå, sjølvsagt. Simpson-Larsen, Austgulen Fosnæs kjempar om ein plass på denne distansen i OL, sa Fredrik Aukland om leiargruppa.
GJEKK FORT: Det gjekk fort då kvinnene gjekk 20 kilometer fellesstart med skibyte
Karoline Simpson-Larsen jakta bak leiargruppa, men klarte å hente seg opp litt ut i skøytedelen.
– Det er fire norske kvinner her, og det er fire som skal gå denne distansen i OL. Dette er den einaste fellesstarten med skibyte før OL-uttaket, sa Jann Post.
På slutten drog amerikanske Diggins ifrå gruppa si, Heidi Weng hang på. Diggins var sterkast i spurten, Weng tok andreplassen. Svenske Ebba Andersson tok tredjeplassen.