Herold

No livnar det i lundar – eller i lier?

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Jan Per Styve Published: 2026-05-10 14:12:00
No livnar det i lundar – eller i lier?

SKRÅBLIKK: Vi har ein vårsong som alle kan: «No livnar det i lundar». Den syng vi gjerne med stor glede, medan våren blømer kring oss og lauvet sprett.

Men kor er desse lundene som det livnar i? Burde ikkje vi heller syngje no livnar det i lier? Det er jo det vi har mest av her på Vestlandet.

Ein lund høyrest veldig austlandsk ut, tykkjer eg. Det betyr visst ei lita gruppe tre, litt småskog i eit opent og lyst lende. Det finst sikkert slikt her vestpå òg, men det er no lier vi har mest av.

Endå ein tekst som favoriserer Austlandet, tenkte eg – før eg kom på den andre verselinja: No lauvast det i li. Så heldigvis – våre vestnorske lier med bjørkeskog der lauvet sprett er med i songen.

Det var Elias Blix som laga denne teksten i 1875, og Ludvig Mathias Lindeman laga melodien. Blix var både teolog, politikar, filolog og salmediktar – fødd i Gildeskål i Nordland i ein fiskarfamilie.

Han skreiv faktisk denne songen medan han var statsråd i Johan Sverdrup si regjering. Eg lurar på om nokon av våre statsrådar i dag skriv salmar? Blix skreiv òg teksten til fedrelandssalmen Gud signe vårt dyre fedreland.

No livnar det i lundar er kalla Vårsong eller Gudleg vårsong, og har fått plass i både salmeboka og mange songbøker.

Andre tekstar om våren ber tydeleg preg av våren på Austlandet – ikkje på Vestlandet. Vi syng om blåveisen, ikkje om kvitveisen – som er den viktigaste vårblomen her vest. Og mange skulebøker viser bilete av blåveisen, men gløymer kvitveisen.

Eg trur ikkje det er ei einaste song om kvitveisen – eller kvitsymre som den òg heiter. Kanskje ein av statsrådane våre kan ta etter Blix og lage ein vakker song om kvitveisen?

Våren kjem tidlegare og tidlegare i landet vårt. Det gler vi oss over, sjølv om starten på hagearbeidet kan kollidere med avslutninga på påsken. Men kanskje det også kan føre til at hausten kjem tidlegare? At alt blir forskyvd? At julaftan kjem alt 10. desember. Har vi tenkt over det?

Ikkje veit eg. Uansett kan vi i alle fall syngje og glede oss over No livnar det i lunder – og i lier.

janperstyve@gmail.com

🏷️ Extracted Entities (11)

Austlandet (entity) Elias Blix (person) Vestlandet (entity) Gildeskål (entity) Gud (entity) Gudleg (entity) Johan Sverdrup (person) Ludvig Mathias Lindeman (person) No (entity) Nordland (place) Vårsong (entity)