Herold

Sel butikken etter 32 års drift: – Kjem etter lang tids vurdering 

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2026-05-10 16:28:35
Sel butikken etter 32 års drift: – Kjem etter lang tids vurdering 

You Who på Husnes får nye eigarar.

Etter 32 år som eigarar av klesbutikken You Who har Geir Inge Kaldestad og Arne Røyrvik no bestemt seg for å selja.

Det skriv duoen i ei pressemelding søndag kveld.

Frå 1. oktober tek Rosendahl Invest AS over eigarskapet. Dei nye eigarane, som har hovudkontor i Os, har fleire klesbutikkar rundt om på Vestlandet.

– Avgjerda om å selja kjem etter lang tids vurdering. Det har vore 32 innhaldsrike og kjekke år, men me kjenner no at det er rett å gje stafettpinnen vidare. For oss har det vore viktig å finna ein kompetent kjøpar som ønskjer å vidareføra butikken, og ta vare på det fundamentet som er bygd opp. Det er me trygge på at dei nye eigarane vil gjera, seier Geir Inge Kaldestad i pressemeldinga.

Slo rekord då dei feira nisjebutikken sine 30 år: – Det har aldri vore så mange folk innom

Rosendahl Invest har sjølv erfaring frå tilsvarande butikkdrift, og skriv i pressemeldinga at dei vil ta vare på identiteten og profilen til den populære klesbutikken på Husnes. Samtidig ønskjer dei å vidareutvikla butikken i takt med marknaden.

– Me har stor respekt og er imponerte over den jobben som er gjort gjennom 32 år, og ser fram til å byggja vidare på det saman med dei tilsette og kundane, seier Erik Rosendahl i Rosendahl Invest AS i pressemeldinga.

🏷️ Extracted Entities (8)

Rosendahl Invest AS (organization) Geir Inge Kaldestad (person) Husnes (place) You Who (person) Arne Røyrvik (person) Erik Rosendahl (person) O (entity) Vestlandet (entity)