Herold

Fylket vil avvikla – avgjerda kjem denne månaden

Plus
Kilde: HF Author: Gro Heidi Åsen Published: 2026-05-10 14:07:00
Fylket vil avvikla – avgjerda kjem denne månaden

Vestland fylkeskommune gjer seg klar til å ta ei avgjerd som kan endra reisemønster og beredskap for lokalsamfunna på kvar side av fjorden.

Trass brei lokal motstand, vurderer Vestland fylkeskommune framleis å avvikla ferjesambandet mellom Kinsarvik og Utne.

Dette kjem fram i eit saksframlegg frå Avdeling for Mobilitet og kollektivtransport (MOK) i fylkeskommunen, som legg fram strategiske rammer og føringar for ny konkurranse innan ferjedrift i Hordaland.

I fylkesdirektøren sitt forslag til innstilling står det at:

– Sambandet Kinsarvik-Utne vert avvikla i fylkeskommunal regi, og moglegheitene for kommersiell drift vurderte.

Fylkeskommunen har vurdert ulike alternativ for sambandet, inkludert eit trekantsamband Kvanndal – Utne – Kinsarvik. Konklusjonen er at dette ikkje vil vera eit robust eller attraktivt reisetilbod.

Dette har også Ullensvang kommune peika på i sine uttalar.

Samrøystes i uttale for å behalda tilbodet minst som i dag: – Har gode argument

Heller ikkje ei erstatning med båtrute blir tilrådd, då det etter vurderingar er kome til at det i liten grad vil dekka reisebehovet. Saksframlegget peikar vidare på at ei tilknyting til dagens turistrute Hardanger vil vera uheldig med tanke på pågåande prosessar knytt til kommersialisering.

Hardangerfjordruta kan bli lagt om: Har rutealternativ for kommersiell drift

På bakgrunn av desse vurderingane held fylkeskommunen fast ved sitt opphavlege forslag:

– Tilrådinga om å avvikla ferjesambandet Kinsarvik – Utne blir dermed oppretthalden, heiter det i framlegget.

Saka skal handsamast av Hovudutval for samferdsel og mobilitet 11. mai, før ho går vidare til Fylkesutvalet for endeleg avgjerd 21. mai.

🏷️ Extracted Entities (11)

Kinsarvik (place) Fylkesutvalet (entity) Hardanger (entity) Hordaland (place) Hovudutval (entity) Kvanndal (place) MOK (entity) Sambandet Kinsarvik-Utne (organization) Ullensvang (entity) Utne (entity) Vestland (place)