Sigbjørn (55) er avisas nye medarbeidar
Plus
Sigbjørn Høidalen starta i eit vikariat som journalist i avisa Valdres måndag i denne veka. Fram til 1. september skal han bidra med si breie erfaring i lokalavisa.
FAGERNES: Sigbjørn har vakse opp i skogkommunen Drangedal i Telemark, og ikkje overraskande var det nettopp med skog og mark han starta si yrkeskarriere.
– I eit tidlegare liv tok eg utdanning innan skogbruk på Landbrukshøgskulen på Ås og jobba fem år i Valle og Bykle kommunar med skogbruk og utmarksforvaltning, fortel Høidalen.
Redaktør i fleire aviser
Etter kvart vart han handplukka til Setesdølen som journalist. Det skjedde i 2002, og etter det har det vore avis for den kulturinteresserte Sigbjørn. Seinare på 2000-talet vart han redaktør i Drangedalsposten, og etter det studerte han journalistikk på Høgskulen i Volda, på den anerkjente journalistikklinja der.
– Mor mi kjem frå Volda, så det passa fint å ta utdanninga mi der. Dei siste tre åra har eg vore redaktør i Øyposten, som dekkjer 20 øyer i Ryfylkebassenget i Stavanger kommune.
Ei omorganisering i mediehuset gjorde at Sigbjørn ikkje lenger fann seg heilt til rette.
– Det vart ein ny type jobb som ikkje passa meg så godt. Eg tenkte at tida kanskje var inne for å prøve noko anna, og då annonsen om vikariatet i avisa Valdres dukka opp, så søkte eg.
Ihuga folkemusikar
Sett bort frå eit par veker sumarferie i juli blir Sigbjørn å sjå på avishuset i Skrautvålsvegen framover.
– Dette er ein flott moglegheit til å bli kjend med Valdres. Eg har vore her tidlegare, på landskappleik og munnharpetreff, så heilt blank er eg ikkje.
Og apropos munnharpe, så er Sigbjørn ein ihuga folkemusikar. Han vann mellom anna fløytespel under Landskappleiken i 2023.
For Sigbjørn er den beste saka ei nyhendesak som treff folk, og samstundes betyr noko for folk.
– Eg har breie interesser, og skriv begge målføre. Med ei mor frå Ivar Aasens heimbygd har eg ein forkjærleik for nynorsken.
Sigbjørn var allereie torsdag i sitt fyrste kommunestyremøte, i Vestre Slidre. Her var ordførar Haldor Ødegård såpass raus at han like godt slapp til den nye avismedarbeidaren for å fortelje kort om seg sjølv.
Under vikariatet leiger Sigbjørn bustad i Ranheimsbygda, der han disponerer ei sokkelleilegheit med utsikt til Jotunheimen gjennom sumaren.