Bil totalskadd og to til legevakt
Plus
Seint laurdag kveld rykte naudetatane ut til Skauvegen pü Myking etter melding om ein bil som hadde køyrt av vegen.
Politiet fekk melding om hendinga klokka 23.49. Det var to personar i bilen dĂĽ ulukka skjedde.
â Bilen skal vere totalskadd, og airbagar er utløyste. Dei involverte er vakne og tilsnakkande. Ukjent skadeomfang utover det, opplyste operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik, dĂĽ naudetatane var pĂĽ veg til staden.
Klokka 00.42 natt til sundag melde politiet at dei to involverte vart frakta til legevakta i ambulanse.
Ein drøy time seinare, klokka 01.16, var bilen fjerna frü vegen.
â Vi oppretter sak, stadfestar operasjonsleiar Hausvik.
đˇď¸ Extracted Entities (4)
Steinar Hausvik
(person)
Myking
(entity)
Skauvegen
(entity)
Vest
(entity)