Herold

Alexander Røssing-Lelesiit Hadde gitt opp draumen: – Kva f... er det som skjer nå?

Kilde: NRK Author: Brage Skattebo Published: 2026-05-10 07:53:09
Hadde gitt opp draumen: – Kva f... er det som skjer nå?

Alexander Røssing-Lelesiit (19) ville legge skoa på hylla. I dag er han sjeleglad for at det aldri blei slik.

«Eg gidd ikkje meir, det er berre å kansellere fotballen», skreiv Røssing-Lelesiit i ei melding til mor si i 2023.

I dag lever 19-åringen frå Nittedal ut den same gutedraumen som han på eit tidspunkt var nær ved å kaste bort.

Kom som eit sjokk

Røssing-Lelesiit var berre 17 år gammal da han debuterte i Eliteserien for Lillestrøm i 2024.

Det året blei han eit av få lyspunkt i ein elles dyster sesong for dei gulkledde, som rykte ned til nest øvste nivå.

INGA KJÆRE MOR: Alexander Røssing-Lelesiit fekk tøff behandling i Eliteseriedebuten.

Den følgande vinteren låg fleire klubbar langflate for å sikre seg signaturen til den driblesterke kantspelaren.

– Wow, kva er det som skjer? sa Røssing-Lelesiit til seg sjølv da han fekk vite at han var ønskt av klubben Hamburger SV, som da spelte på det nest øvste nivået i tysk fotball.

Sjølv etter å ha høyrt om interessa måtte ungguten likevel gå nokon rundar med seg sjølve.

– Eg ville eigentleg ikkje dra, og det blei nærast femti-femti om eg valde å dra eller ikkje, seier 19-åringen.

Ler av seg sjølv

– Det var mykje som skjedde, både dameproblem og andre idiotiske ting. Eg kan ikkje gjere anna enn å le av det i dag, fortel Røssing-Lelesiit.

Slik beskriv han den kaotiske tida for omtrent tre år sidan.

NEDRYKK: Sjølv om det for lengst hadde losna personleg, fekk Alexander Røssing-Lelesiit smake på ei anna form for motgang i sin foreløpig einaste sesong i gult og svart.

Han var tilbake frå ein skade, men sleit med å bli venn med ballen igjen. Frustrasjonen tårna seg opp, heilt til han var klar for å kaste inn handkleet.

– Det er sånn; «pokker, kva driv du med?», seier Røssing-Lelesiit.

Den tunge perioden kulminerte med meldinga til mora, ein tekst som i dag kjennest fjern og utenkeleg.

Nå står episoden igjen som sterkt minne og eit symbol på kor fort alt kan snu.

– Kva ville du ha brukt tida på hadde du slutta på fotball?

– Nei, det lurer eg faktisk på sjølv òg. Eg veit eigentleg ikkje heilt kva tanken var, innrømmer han.

Håpar å inspirere

Eit liv utanfor fotballbanen rakk han likevel ikkje å tenke lenge på:

– Plutseleg skjedde det eit eller anna, ein switch, og så blei fotball dritgøy igjen, seier han.

KORT EVENTYR: Alexander Røssing-Lelesiit i sin siste kamp for Lillestrøm. Berre 72 dagar seinare var han Hamburger SV-spelar.

At den tyske klubben ønskte han rett inn i laget, blei utslagsgivande for valet om å dra. Det var likevel lite som kunne førebu han på augeblinken da ballen for alvor begynte å rulle.

– Mamma kom ned på rommet og sa: «Du må pakke sakene, du skal flytte», og det kom som eit sjokk, det må eg vere ærleg og seie.

Røssing-Lelesiit (19)

Røssing-Lelesiit spelte for Lillestrøms G16-lag så seint som i 2023, og vegen til utlandet blei ein einaste lang spurt. Han rakk knapt å dyppe tåa i Eliteserien før ferda gjekk vidare.

I dag: Alexander Røssing-Lelesiit har fått mykje tillit i den nye klubben sin.

Nå håpar den driblesterke kantspelaren at hans eiga reise kan inspirere andre unge, ambisiøse fotballspelarar.

– Det er berre å fortsette, for alt i fotball skjer så utruleg fort, seier Røssing-Lelesiit.

– Saknet er stort

Over natta blei ungdomstilværet bytt ut med proffliv i Tyskland. For Nittedølen markerte overgangen slutten på ein normal kvardag heime i Noreg.

– Saknet er stort. Før såg eg gutane kvar dag, og middagen stod alltid klar. Nå kjem eg heim til ei tom leilegheit, seier han.

POSERER: To norske kompisar på besøk hos Alexander Røssing-Lelesiit, her stolt ikledde kvar sin Hamburger SV-drakt.

Han er ærleg på at einsemda blir merka, spesielt når han ser at vennene heime i Noreg er samla på fredagskvelden. Likevel beheld han eit modent perspektiv.

– Eg skal opp på trening og må legge meg tidleg, men eg veit eg kjem til å vere takksam for dette om 25 år.

Røssing-Lelesiit trur mange unge spelarar har eit for roseraudt bilde av proffdraumen.

– Mange ser for seg store klubbar og mange fans, men gløymer arbeidet som trengst for å nå toppen, og bli der. Eg trur mange fell av fordi dei ikkje orkar den mindre glamorøse proffkvardagen, seier han.

Eksperten åtvarar

NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg drog sjølv ut som 19-åring for å freiste lykka i Sheffield United på det nest øvste nivået i England.

– Det å dra utanlands er tøft for mange, men kvar situasjon er individuell. Alexander har gode føresetnader for å lykkast sidan Hamburger SV har investert så mykje pengar i han, og da blir ein ofte veldig godt varetatt, seier Løkberg.

ERFARING: Kristoffer Løkberg har godt over 100 kampar i norsk eliteserie.

Etter sjølv å ha returnert heim til Noreg etter berre eit halvt år, er Løkberg klar på ein ting: Livet utanfor banen er ofte vel så viktig som det som skjer i kamp og trening.

– Trivsel er heilt avgjerande. Du kan klare deg i ein kort periode på rein sjølvtillit om du lykkast på banen, men over tid er du sjanselaus om du blir ete opp mentalt på fritida, meiner fotballeksperten.

– Kva f... er det som skjer nå?

Røssing-Lelesiit signerte for Hamburger i februar i fjor, midtvegs i den daverande sesongen. Dei jakta opprykk til Bundesliga, noko dei klarte.

Da hans første sesongoppkøyring med dei dei blå- og kvitkledde omsider rulla i gang, var det ein Røssing-Lelesiit full av sjølvtillit som entra treningsfeltet.

– Eg hadde vent meg til tempoet, kjente meg sterkare og merka at eg begynte å prestere bra på trening òg, fortel han.

Nivået på trening gjekk ikkje umerkande, og påskjønninga blei hans stoltaste augeblinkar så langt i karrieren.

Da laget serieopna i Bundesliga borte mot Borussia Mönchengladbach, fann den da 18 år gamle Alexander Røssing-Lelesiit namnet sitt i startoppstillinga.

DEBUT I TOPPDIVISJONEN: Alexander Røssing-Lelesiit på veg ut på banen i bortekampen mot Borussia Mönchengladbach.

– Eg hugsar eg stod i tunnelen der og hadde fått eit barn å halde i handa på veg ut. Eg tenkte: «Eg skal ut der, kva f... er det som skjer no? Dette er ein draum, og dette skal eg nyte.»

Alexander Røssing-Lelesiit (19)

Sidan debuten har han halde fram med å hauste tillit hjå trenaren. Men når lukka er på sitt største, er faren ofte nærast.

Under lokaloppgjeret mot erkerival St. Pauli i januar vart han takla stygt. Resultatet var ein leddbandsskade i ankelen som sette ungguten ut av spel i fleire månader

BLIR TRYKT TIL: Bildet er frå kampen mot St. Pauli i januar, der Alexander Røssing-Lelesiit måtte ut med ein ankelskade etter berre 14 minutt.

Då han i slutten av april endeleg var tilbake i trening, fekk han eit tilbakeslag som diverre gjer at han mistar resten av sesongen.

No når ein turbulent sesong går mot slutten, har Røssing-Lelesiit eit klart mål for auge:

– Målet er i alle fall å få eit mål i Bundesliga. Det skjer ikkje denne sesongen, men i alle fall neste sesong, seier han.

🏷️ Extracted Entities (17)

Alexander Røssing-Lelesiit (organization) Hamburger SV (organization) Kristoffer Løkberg (person) Bundesliga (entity) Fotball 📁 (category) Noreg (entity) Borussia Mönchengladbach (organization) Lillestrøm (entity) St (entity) Eliteseriedebuten (entity) Eliteserien (entity) England (place) G16 (entity) Nittedal (place) Nittedølen (entity) Sheffield United (organization) Tyskland (place)

📊 Metadata

Category: Fotball
OpenGraph Title: Alexander Røssing-Lelesiit Hadde gitt opp draumen: – Kva f... er det som skjer nå?
Twitter Title: Alexander Røssing-Lelesiit Hadde gitt opp draumen: – Kva f... er det som skjer nå?