Helikopter på helseoppdrag
Plus
Natt til søndag vart fleire på Leikanger vekte av eit helikopter, og undra seg på kva det var.
Det viser seg å vera redningshelikopteret som var der for å henta ein pasient. Sogn Avis har vorte kontakta av fleire som lurer på kvifor redningshelikopteret var på Leikanger.
Ved Hovedredningssentralen (HRS) får Sogn Avis opplyst at dette var eit helseoppdrag.
– Kvifor bruka redningshelikopter og ikkje ambulansehelikopter?
– Det er heilt vanleg å bruka begge. Det kjem mellom anna an på vêrtilhøva, på pasienten eller kva som er nærmast. Det er litt betre plass i redningshelikopteret, opplyser HRS.
🏷️ Extracted Entities (2)
Hovedredningssentralen HRS
(organization)
Leikanger
(entity)