Herold

Eit grønt havari, og behovet for eit politisk under

Kilde: Nordnorsk debatt Author: Nils Aarsæther, Tromsø Published: 2026-05-09 22:12:27
Eit grønt havari, og behovet for eit politisk under

Det er trist å måtte seie det, men ideen om «Det grønne skiftet» har gått på eit totalhavari, no seinast med konkursen til prestisjeprosjektet MORROW – som skulle konkurrere med batteriproduksjon i Kina. Same skjebne leid batterifabrikken i Mo i Rana, begge med betydeleg statleg støtte. Ideen om at slike prosjekt kunne innrullerast i Det grønne skiftet hadde opna for politiske vedtak basert på ønsketenking, ikkje på analyse.

NILS AARSÆTHER bio

Og dette erikkje eineståande. Kanskje begynte det med vedtaket om utfasing av koldrift på Svalbard, noko som på ein drepande måte blei analysert av Skjalg Fjellheim i Nordlys 7. mai. Kortreist kol av høg kvalitet blei kutta ut, til fordel for (1) dieselaggregat med langreist brennstoff, og kanskje verre (2) import av lågkvalitets-kol til Norge frå Colombia. Og for det tredje: No er det berre Russland som driv koldrift på Svalbard, basert på ein traktat som opnar for ekspansjon.

Farlig og uansvarlig

Og så har vi Melkøya, igjen eit grønt prosjekt, som (1) er basert på reduserte areal for reindrifta gjennom kopling til ei storstilt utbygging av vindkraft i Finnmark, og (2) som fører til full stans i tildeling av strøm til nye industriprosjekt i nord. Og skal vi også nemne 35 milliardar for å støtte flytande havvind, som sannsynlegvis er totalt bortkasta? For flytande havvindkraft, om den noko gong kjem, vil bli minst 3 gongar så dyr som vanleg vasskraft-strøm. Er det rart at Frp når 30 % på meiningsmålingane?

Og så kan vi fortsette med oppbindinga av enorme kraftressursar til for eksempel Deutsche Bahn og diverse Tik-tok -og kryptovalutafabrikkar. Og vi har bygd utlandskablar utan styring og med ein kapasitet som gjer at same kor mykje vi produserer, så vil kraftprisen i sør-Norge vere bestemt ute i Europa.

Dette er talepunkta til Sylvi Listhaug. Ho har sikkert sine svin på skogen, og dei andre sakene ho har på menyen fristar lite. Men på ei rekkje betydningsfulle samfunnsområde har ho ein rammande kritikk. Det er ein kritikk som skaper forlegenheit, men ikkje meir, i AP - og i Høgre. Men den vil prelle av, for Stoltenberg vil sørge for at Jonas Gahr Støre og Cecilie Myrseth, med støtte frå Høgre, fortsatt styrer norsk energi- og næringspolitikk 100% på EU sine premiss.

Før valget i 2025hadde vi ein liknande situasjon. Kraftpris-kritikken blei utnytta av høgresida, og alt låg til rette for at Erna Solberg skulle gjere come-back. Men så kom Norgesprisen, heldigvis ein dag før Stoltenberg var på plass for å kunne hindre innføringa av den. Og AP blei suverent største parti ved valget. Kan eit liknande under skje i dag?

🏷️ Extracted Entities (24)

Høgre (entity) Stoltenberg (place) Svalbard (entity) AP (entity) Cecilie Myrseth (person) Colombia (entity) Deutsche Bahn (person) EU (entity) Erna Solberg (person) Europa (entity) Finnmark (place) Frp (entity) Jonas Gahr Støre (person) Kina (entity) MORROW (entity) Mo (entity) Nordlys (entity) Norge (entity) Norgesprisen (entity) Rana (entity) Russland (place) Skjalg Fjellheim (person) Sylvi Listhaug (person) Tik (entity)