Herold

Statsforvaltaren bør lytte meir til lokalsamfunnet i Bjørkelia-saka

Plus
Kilde: Firda Author: Tim Ørjan Aase, nestleiar VIPartiet Sunnfjord Published: 2026-05-09 09:27:24
Statsforvaltaren bør lytte meir til lokalsamfunnet i Bjørkelia-saka

Saka om Stein Arne Sunde, fjellhallen, vegen og hyttefeltet i Bjørkelia viser etter mitt syn ei side ved dagens forvaltning som mange i distrikta kjenner seg att i: Systemet har blitt meir firkanta, meir sentralisert og mindre i stand til å sjå den lokale heilskapen.

Refsar både kommunen og Sunde: – Dette er ulovleg

Eg meiner Statsforvaltareni denne saka går altfor hardt ut. Ja, reglar skal følgjast. Ja, tiltak skal søkjast om når lova krev det. Men det må også vere rom for sunn fornuft, forholdsmessigheit og forståing for korleis ting faktisk fungerte i dei gamle kommunane før kommunesamanslåinga.

Ting var enklare før. Avstanden mellom folk, kommune og tiltakshavar var kortare. Kommunen kjende prosjekta, kjende folka og var ofte langt tettare på det som skjedde lokalt.

Når Jølster kommune etter det som blir fortalt både skal ha vore på synfaring, vore inne i området og aldri reagert på at dette måtte søkjast om, må ein ta det med i vurderinga. Då blir det for enkelt å kome 16 år etterpå og behandle saka som om alt har skjedd i det skjulte og utan lokal kjennskap.

Stein Arne Sunde er ikkje kven som helst i denne samanhengen. Han har vore ein stor bidragsytar til utviklinga i gamle Jølster kommune, og no også til Sunnfjord kommune. Gjennom hyttefelt, vegutbygging, infrastruktur og satsing på Bjørkelia har han vore med på å skape aktivitet, arbeidsplassar, handel og inntekter.

Dette er ikkje berre privat utbygging. Dette er lokal verdiskaping. Kva betyr ikkje eit hyttefelt for eit lokalsamfunn? Fleire folk brukar butikkane. Fleire nyttar tenester. Fleire kjem til området. Det gir meir aktivitet, meir handel, meir turisme og meir skatteinntekter. Det gir liv i bygda.

For ein kommunesom Sunnfjord burde dette vere noko ein ønskjer meir av, ikkje noko ein møter med mistenksame auge og byråkratisk motstand. Eg meiner difor kommunen har vist langt meir sunn fornuft enn Statsforvaltaren i denne saka.

Når Sunnfjord kommune ønskjer å finne ei løysing og gi dispensasjon, bør Statsforvaltaren ha respekt for den lokale vurderinga. Kommunen sit nærare saka. Kommunen kjenner området betre. Kommunen veit kva denne typen utbygging betyr for lokalsamfunnet.

Statsforvaltaren åtvarar mot presedens. Det er sjølvsagt eit poeng ein kan forstå prinsipielt. Men presedens kan ikkje vere eit argument for å slutte å bruke skjønn. Kvar sak må vurderast konkret.

I denne saka snakkar vi om eit område som allereie er knytt til hyttefelt, veg og skianlegg. Dette er ikkje eit urørt naturområde midt i villmarka. Det er eit utviklingsområde som i mange år har vore del av ei større lokal satsing.

Dersom problemeter det visuelle uttrykket ved fjellhallen, bør ein heller finne praktiske løysingar. Ein natursteinsmur, ei betre tilpassa frontløysing, ein port eller anna terrengtilpassing kan gjere inngrepet langt meir nøytralt. Her burde målet vere å finne ei løysing som både tek omsyn til landskapet og respekterer den verdiskapinga som alt er gjort. Å lage ei stor prinsippsak av dette verkar etter mitt syn som feil bruk av både tid, energi og offentlege ressursar.

Det er også verdtå stille spørsmål ved kva ein eigentleg ønskjer med Bjørkelia framover. Skal området vere eit levande hytte- og aktivitetsområde med vekst, turisme og lokal handel? Eller skal ein halde igjen utviklinga med stadig nye innvendingar?

Etter mitt synbør hyttefeltet heller få utvikle seg vidare. Det er eit flott og framtidsretta område, og fleire hytter vil gi meir aktivitet og større positive ringverknader for lokalsamfunnet.

Det blir også merkeleg dersom ein brukar mykje kraft på å kritisere denne fjellhallen og snuplassen, samstundes som det finst andre deponi og inngrep i området som også burde sjåast nærare på. Skal ein først vere streng, må ein vere konsekvent. Det må vere lik handsaming, ikkje tilfeldig utval av kva saker som får merksemd.

Eg vil også peike på ei anna langt større problemstilling i same område: planane om smoltanlegg. Etter mitt syn høyrer slike anlegg ikkje heime langt inne i ein dal, langt frå sjøen, midt i eit område som har verdi for friluftsliv, golfbane, reiseliv og lokal trivsel. Erfaring frå andre stader viser at slike anlegg kan gi lukt og ulemper, sjølv om dokumentasjonen på førehand gjerne seier noko anna.

Presenterte planane: – Ganske god butikk

Ein varm sommardagkan konsekvensane bli langt meir merkbare enn det som kjem fram i teoretiske vurderingar. Dette er etter mitt syn ei sak som burde møtast med langt større skepsis enn ei fjellhall i eit allereie utbygd hytteområde.

Tilbake til Stein Arne Sunde:Han har bidrege til utvikling, ikkje forfall. Han har bidrege til aktivitet, ikkje passivitet. Han har vore med på å bygge opp eit område som gir verdiar tilbake til kommunen. Då bør han ikkje møtast som ein samfunnsfiende, men som ein lokal utviklar ein bør finne løysingar saman med.

Statsforvaltaren har ei viktig rolle. Men denne rolla må utøvast med klokskap. I fleire saker ser vi at Statsforvaltaren kan bli ei bremsekloss for lokal utvikling, heller enn ein balansert kontrollinstans. Det er uheldig. Staten må ikkje overstyre lokalsamfunnet kvar gong kommunen faktisk prøver å finne praktiske og fornuftige løysingar.

Mi oppmoding er klar: Sunnfjord kommune bør stå støtt i denne saka. Godkjenn løysinga, still eventuelt konkrete krav til visuell tilpassing og opprydding, men ikkje lat dette bli eit symbol på at all lokal utvikling skal stoppast av byråkrati.

Statsforvaltaren børher leggje prestisjen til side, lytte meir til kommunen og sjå verdien av det som faktisk er bygd opp i Bjørkelia. Lokalsamfunnet treng folk som satsar, investerer og skaper aktivitet.

Stein Arne Sunde har gjort nettopp det. Det bør telje.

Dette kostar dei millionar

75 jølstringar er klare for årets høgdepunkt: Holmenkollstafetten

Skal bygge ny E39-bru her

🏷️ Extracted Entities (7)

Bjørkelia (entity) Sunnfjord (place) Statsforvaltaren (entity) Jølster (entity) Avstanden (entity) E39 (entity) Sunde (entity)