Herold

Ein sunnfjording bør aldri ha ansvar for mat- og kakebestilling

Plus
Kilde: Firda Author: Roy Sunde Published: 2026-05-09 09:59:00
Ein sunnfjording bør aldri ha ansvar for mat- og kakebestilling

Dei fleste sunnfjordingar veit at den største skamma som finst, det er å sende gjestar heim svoltne.

Nyleg hadde mitt yngste barn konfirmasjon. Ho er nummer to i rekka og siste.

Det er litt nostalgisk, men greitt. Konfirmasjonar er ein stor utgiftspost, og som vi veit: Renta gjekk opp.

Med erfaring frå to konfirmasjonar, har eg notert meg nokre punkt for læring som eg gjerne skulle hatt før den første.

Ei logisk slutning

Det er ein del ting som skal på plass når ein skal arrangere konfirmasjon. Blant dei sentrale spørsmåla har ein følgjande:

  • Kor mange gjestar?
  • Kor mykje mat skal vi bestille?
  • Kor mange kaker?
  • Er du sikker på at du ikkje skal ha meir mat?
  • Trur du at du har nok kake?
  • Er du heilt, heilt sikker på at du har nok mat?
  • Det var dei kakene då!
  • Har du verkeleg nok mat? Og kake?

Svaret på det første var 40 gjestar. Difor bestilte vi 40 porsjonar med tapas, frå Jølster.

Logikken verka uangripeleg: Kvar person, sin porsjon.

Den trua levde vi i ei god tid.

Tru og tvil, også blant human-etikarar

Når det byrja å nærme seg dukka tvilen opp: Har vi nok mat?

Det står i Håvamål at når gjestar kjem, så skal dei få mat. Det er rotfesta i oss. Berre tanken på å sende gjestar svoltne heim, og frykta for at dei skulle spreie slike rykte på bygda, er nok til å gi ei nær lammande kjensle av skam.

Kona mi er også sunnfjording. Eit meir balansert geografisk ekteskap ville truleg ført til minst ein fornuftig stemme som sa:

– Dette held!

I staden gjekk vi for det erke-sunnfjordske alternativet: Vi lagar litt sjølv.

Det enda med ein skinke- og eggesalat. Normalt mettar den åtte. Difor dobla vi oppskrifta, sjølvsagt.

Et ungar tapas?

Etter ein runde med kritisk sjølvrefleksjon dukka eit nytt punkt av tvil opp: Vil barn ha tapas?

20 pizzasnurrar og ditto mange innbakte pølser landa på menyen.

Så kunne roa senke seg: Nesten. Eg ringde ei av søstrene mine:

– Kan du lage brokkolisalat?

Så kunne roa senke seg.

– Skulle vi hatt potetsalat, spurte kona mi.

Sjølvsagt! Då dukka eit nytt punkt opp:

– Då må vi ha spekemat!

Så kunne roa senke seg.

Kor mykje kake er nok kake i Sunnfjord?

Ta med insulin

Vi er i høgsesongen for insulinsjokk. Den som går utrent inn i ein sunnfjordsk konfirmasjon ber om trøbbel.

I første konfirmasjonen hadde vi 12 kaker til 40 gjestar. Eg veit det høyrest tynt ut, men vi supplerte med Panna Cotta, gelé og is.

Frykta for at ein har for lite mat er èin ting. For ein sunnfjording er det langt verre å få rykte som kakegniten. Det skulle teke seg ut!

Og om du skulle lure: Vi hadde rikeleg med restar.

Eg er tungnem, men vi tok ned kaketalet til ti, halverte mengda Panna Cotta og kasta tanken om gelé på dør.

Når panikken tok oss, kjøpte vi to boksar is.

Når sunnfjording bestiller av sunnfjording

I det vi kom til konfirmasjonslokalet kjente eg på uro. Ikkje om det var nok mat, men over kor eg skulle gjere av restane: Borda bogna over.

Lærdommen er: Når ein sunnfjording bestiller mat til ein konfirmasjon av ein anna sunnfjording, så må ein trekkje frå for kjentfolk.

Det var duglege porsjonar. Ein cateringaktør frå andre sida av fjella ville sikkert kalla det 50 porsjonar.

To gjestar meldt avbod. Då var vi nede i 38. Det er også ting ein gløymer når ein matematisk delar tal gjestar på tal porsjonar.

  • Tre gjestar var barn under ti år
  • Seks av gjestane var tenåringsjenter.

Dei et mindre enn kva ein mann på 97 kilo tenker på som ein normalporsjon. Eg har aldri blitt kalla småspist.

Gjestane veit også at etter den salte gleda av kjøtmat kjem eit insulinsjokk: Du går ikkje laus på buffeen med dødsforakt, du held igjen.

Ingen gjekk heim svoltne.

Du skal få ein dag i morgon

Mengda restar var til å sukke over. Med avgrensa kapasitet i kjøleskap og frys, var det berre ei løysing: Vi samla 17 til restefest. Dei reiste mette heim, både på mat og kake. To etternølarar også. Vi donert også vekk cirka to kaker.

Eg åt restar til frukost, lunsj og middag i fire dagar og det står ting i frysen.

No har eg lært kunsten: Start med det du trur, reduser talet porsjonar og gi blanke i den indre stemma som seier: Meir!

Dessverre har eg ikkje fleire konfirmantar. Eg håpar det kjem til nytte for deg som har barn som enno ikkje er konfirmert.

Må ein verkeleg hive bosset sitt ut bilvindauget?

Usikra Pavlova-frakt enda med «katastrofe» for Pavelic

🏷️ Extracted Entities (6)

Panna Cotta (person) Håvamål (entity) Jølster (entity) Pavelic (entity) Pavlova (entity) Sunnfjord (place)