Møt den kreative snikkaren som ikkje vil bygge hus
Plus
Magnus Tronstad er ein snikkar som tek ut skapartrongen sin både på jobb og heime i hagen.
Svingar du inn på tunet til Magnus og sambuar Louise Stang Alden i Eikedalen blir du møtt av 19 høner og endå fleire gullfiskar.
Ruga fram kyllingar
– Det er noko med det – dei er kanskje ikkje så smarte, men det er veldig koseleg med høner. Ofte sit eg ute ved dammen og drikk kaffi. Det er selskap i dei! smiler han.
Magnus vaks opp på gard og har vore vand med å ha høner sidan han var liten, men han er klar på at desse er eit felles prosjekt.
Kreativ snikkar
– Dei brune ruga vi fram sjølv. Louise tok med egg og rugemaskin med inn i klassen der ho jobbar og gjorde det til eit prosjekt for elevane å ruge ut rundt 15 egg, fortel han.
Og det vart suksess, såpass at elevane måtte få glede av jobben dei hadde gjort.
– Vi laga til ein pallekarm i klasserommet, slik at dei fekk ha kyllingane der ei vekes tid.
Om eit par års tid vil det nok vere tid for litt fornying i hønsegarden. Dei som kan etast, vil ende i gryta, bedyrar Magnus.
– Ja, eg et dei. Men det må eg gjere når ho eg bur saman med ikkje er her. Ho nektar å ete noko dyr ho har kosa med, slår han fast.
15 cm vatn i januar
Næraste nabo med hønsa er altså ein flokk raude gullfiskar. 4500 liter vatn er det i dammen som Magnus og Louise grov ut for hand.
– Eg var litt inspirert av bror min i Haugesund. Men han har ein dam på nesten 50.000 liter. Han starta også for hand, men måtte ty til gravemaskin til slutt, gliser Magnus.
– Byrja de berre å grave eit hol?
– Ja, det er eigentleg ikkje meir ved det enn som så. Men ein må jo ha filterpumper og duk, og til fossen har eg vore og funne fine, runde steinar. Det var lett å gå i gang for oss sidan bror min hadde dam – då kunne vi få både fisk og plantar frå han. Skal ein kjøpe slikt, må ein til Oslo eller Stavanger, fortel han.
Kring 25 raudoransje fiskar sym rundt i dammen, pluss litt yngel som dei fekk i fjor.
– Det er vanleg gullfisk. Dei er veldig robuste, så dei er ute heile året.
Men i januar var det jo temmeleg kaldt, så då Magnus bora seg gjennom isen på dammen, hadde gjengen der nede ca. 15 cm med vatn att. Neste år vil skal dei få ein varmekolbe i dammen sin.
Grunnen til at vi besøker Magnus, er den nyaste konstruksjonen hans. Det var den vi fekk tips om, for som tipsaren skreiv, det kan vere kjekt med slike saker i avisa.
Her bur Roberto
Ved første augekast ser det ut som eit lite hundehus, det Magnus har bygd i hagen. Men sjølv om det står «Roberto» over opninga er det ikkje det. For ifølge «Vi i villa», ligg Roberto, Robert og Roberta heilt på toppen av dei ti mest vanlege namna å gi robotklipparen sin.
– Han må jo ha seg eit hus, og eg hadde rikeleg med restematerialar!
– Det er ikkje mange som har eit så forseggjort hus til robotklipparen sin?
– Nei, men eg tenkte det måtte stå i stil med sjølve huset, smiler han.
Men det spøkte litt då Roberto skulle flytte inn, for han fekk ikkje inn dei livsviktige gps-signala i det nye, fine huset sitt.
– Då såg eg litt mørkt på det, vedgår Magnus.
Med litt livreddande førstehjelp i form av programmering gjekk det bra likevel.
– Å berre ha eit plastdeksel over han såg litt spinkelt ut – det regnar ikkje akkurat nedover i Florø. Og så er det greitt å beskytte han mot snø i mai!
Heimekontor i garasjen
Når Magnus utøver yrket sitt i profesjonell augemed, gjer han det på Nordica Resort som vaktmeister/snikkar.
– Det har gått mykje i totalrenovering av hytter – eg har vel tatt fire stykke til no, pluss ein del bad. Så har vi også nokre leilegheiter ute i byen vi har pussa opp.
Held han på med mindre ting, tek han «heimekontor» og bygger i garasjen sin.
– Eg hadde til dømes ein stabel på 15 solsenger ståande på plenen, som eg hadde bygd her heime.
Dei er no komne på plass ved stranda på Prata. Det kan også vere mindre ting, som leikestativ, dagleg leiar Adrian Dziadura kunne tenke seg. Då må Magnus ta i bruk kreativiteten sin og finne på noko.
For kreativ, det er han.
– Og det er brørne mine også, det er noko som går i slekta, smiler han.
– Kva er det du likar med å skape ting sjølv?
– Når eg får idear, så er det veldig tilfredsstillande når det kjem ut slik eg har tenkt det. Det er jækla kjekt når Adrian gir meg nokre stikkord på kva han ønskjer seg, og så får eg det til, synest han.
– Kunne du ha vore ein snikkar som byggjer hus?
– Det hadde eg ikkje likt, nei. Eg likar det litt meir allsidig. Ikkje vere låst til eitt prosjekt i lang tid, det har eg eigentleg aldri likt. Det er difor eg likar meg så godt på campingplassen. Det er veldig variert!