– Det er så utruleg simpelt!
Turid Eiesar er rysta over at nokon spekulerer i å stele konfirmasjonskort.
Oppsummering 'Kort oppsummert'
(Gudbrandsdølen Dagningen): – Heilt utruleg, seier Eiesar oppgjeve.
Tom postkasse
Laurdag skulle dottera konfirmerast. Det siste familien gjorde før dei reiste til Vågå i 10-tida, var å sjekke postkassa. Den var tom.
Medan dei var på seremoni fekk konfirmanten ein snap frå ei venninne, som hadde vore innom og levert ei helsing.
Da dei kom heim var postkassa framleis tom.
Kanskje den er lagt i postkassa til pappa da, prøvde Eiesar seg med overfor konfirmanten. Men heller ikkje der låg kortet som skulle vera levert.
Mora til venninna kunne bekrefte, jau da dei hadde vore innom tidlegare på dagen.
Eiesar begynte å ane ugler i mosen.
– Det var eit par til som eg hadde trudd ville gje ho ei helsing på dagen, men ein kan nå aldri vera sikker. Det er ikkje slik ein spør folk om.
Minst fire- fem
Da dei omsider fann ut at det hadde vore innom folk tidlegare i veka og, som dei heller ikkje hadde funnet kortet frå, bestemte Eiesar seg for å legge det ut på snap og seinare på Facebook.
Da dukka det opp fleire helsingar som familien i Nordberg aldri har sett snurten av.
– Det er tydelegvis nokon som spekulerer i dette i konfirmasjonstida, trur mamma Eiesar.
Minst fire-fem kort med både pengar og personlege helsingar er sporlaust borte.
– Tjuven har sikkert tatt pengane og brent korta, sukkar Eiesar.
Flaut å ikkje kunne takke
Sjølv om konfirmanten sjølv er både fornøgd og «steinrik» etter dagen, sit mora att med ein ekkel smak i munnen.
Eiesar fortel at ho har fått høyre om liknande hendingar i Skjåk dei siste åra. Ho håper den eller dei som står bak, forstår kor mykje dei øydelegg.
– Det verste for oss er at det kanskje er fleire som har gitt gåver som vi ikkje har fått takka for, fordi vi ikkje veit om det. Det er kjempe flaut.
Å gjera seg til tjuv for nokre hundrelappar synest ho berre er trist.
– Eg håper nesten at dei som har gjort det verkeleg treng pengane, og at desse hundrelappane berga veka deira, men eg mistenkjer vel at det ikkje er slik.
– Låse postkassa
I klassa til dottera har foreldra ein gruppechat. I september er det konfirmasjon i kyrkja. Dei er langt fleire enn dei som laurdag hadde humanistisk konfirmasjon.
Eiesar håper alle helsingar kjem dit dei skal.
– Folk bør kanskje låse postkassene sine, bruke Vipps eller levere personleg i framtida for å unngå slike kjedelege episodar.