Herold

Mange møtte opp for å heidra dei som kjempa: – Fridomen er ikkje gratis 

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2026-05-08 11:00:00
Mange møtte opp for å heidra dei som kjempa: – Fridomen er ikkje gratis 

Det vart ei verdig 8. mai-markering på Husnes fredag.

Ei stor forsamling, både unge og eldre, hadde tatt turen til bautaen ved Husnes kyrkje for å markera frigjerings- og veterandagen 8. mai.

Ordførar Vegard Bjørnevik peika på vår eiga krigshistorie då han tok ordet innleiingsvis. Han deltok i fjor på eit seminar som tok føre seg delar av Kvinnherad si krigshistorie, ei historie ordføraren ikkje kjende så godt.

– Eg fekk høyra om minelegginga utanfor Uskedalen, og om kampane som lenge hindra okkupantane i å ta seg sjøvegen inn mot Hardanger. Heftet som er gitt ut av Lars Børge Sæberg gir eit sterkt bilde på korleis det var i Kvinnherad, og dramatikken som utvikla seg her, sa Bjørnevik og fortsette:

– Samtidig veit vi at Kvinnherad òg fall under okkupantane. Fem lange år utan norske flagg og med innskrenka fridom var realiteten i kommunen vår. Vi skal vera stolte av dei som stod opp mot okkupantane, over innsatsen deira og ofra dei gjorde. Fridomen kjem ikkje av seg sjølv.

Uro i verda

For sjølv om vi i Norge lever i fridom og tryggleik, er det stor uro rundt oss. Ei uro som stadig kjem tettare på.

– Verda rundt oss er uroleg. Ho blir på mange måtar meir og meir brutal, og kjem tettare på oss gjennom sosiale medium og fjernsyn. For to år sidan, på akkurat denne dagen, var eg sjølv i Ukraina. Og sjølv om eg var langt frå fronten, var det sterkt å møta menneske som hadde mista alt. Menneske som hadde flykta med berre det dei kunne bera, og som kanskje aldri får venda heim igjen. Eg fekk òg oppleva grensekontrollar der unge menn og kvinner stod væpna og kontrollerte dei som passerte. At unge menneske må væpna seg for å forsvara landet sitt, er noko eg hadde håpa at verda skulle sleppa, sa Bjørnevik.

I staden er realiteten at ein både i Norge og elles i Europa ser ei meir omfattande opprusting.

– Dette er ein realitet vi må førebu oss på. Det krev støtte også her lokalt. Vi kan ikkje vera naive og tru at dette er noko som berre går forbi. Historia har lært oss betre. Nettopp difor er det så viktig at vi feirar fridomen og heidrar dei som har stått i teneste med slike markeringar som dette, sa han.

Samarbeid

Ordføraren nytta også høvet til å peika på at samarbeid er ein nøkkelfaktor oppe i det heile, og retta ei særleg takk til det lokale heimevernet.

– Det er vi som samfunn som har ansvaret for å bygg opp om demokratiet, stå opp for fridommen vår og ta vare på tryggleiken. I heimbygda mi står det så treffande på minnestøtta: «Dei sokk i sjø. Skal folk leva, må nokon kunna døy». Tusen takk til alle som bidrar, takk til veteranane og takk til alle som ofra seg for konge og fedreland.

Områdeleiar i Indre Hardanger og Kvinnherad Heimevernsområde, kaptein Tor Vidar Sæle, tok så ordet. Også han peika på samhald.

– Røynslene frå andre verdskrig viste kor sårbart eit samfunn kan vera når fridomen står i fare. Samstundes viste dei kva kraft som ligg i samhald, lokal tilknyting og vilje til å stå imot. Mange av dei som kjempa, gjorde det der dei høyrde heime, i eigne bygder og nærområde, med kjennskap til både folk og land. Det er denne arva heimevernet byggjer på.

Sæle hadde også fått ansvaret for å leggja ned krans ved bautaen.

– Vi heidrar alle som har gjort teneste for Norge under krigen, i nasjonale operasjonar og i heimevernet heilt fram til i dag. Når vi legg ned kransen her i dag, gjer vi det for å minnast dei som fall, og for å stadfesta at vi tar ansvaret vidare. Fridommen er ikkje gratis, han må vernast òg i vår tid. Ære vera minnet om dei som gav livet sitt for fridommen i Norge.

Skulekoret til Husnes barneskule var også på plass, og sette på mange måtar prikken over i-en på det som vart ei verdig markering av frigjeringsdagen.

🏷️ Extracted Entities (11)

Kvinnherad Heimevernsområde (organization) Norge (entity) Husnes (place) Ordførar Vegard Bjørnevik (person) Indre Hardanger (person) Dei sokk i sjø. Skal folk leva, må nokon kunna døy (entity) Europa (entity) Lars Børge Sæberg (person) Tor Vidar Sæle (person) Ukraina (entity) Uskedalen (entity)