Herold

Kva skal vi ete om krisa inntreff?

Kilde: GD Author: Silje Lesjø, direktør for landbruk og Bionova i Innovasjon Noreg Published: 2026-05-09 10:49:35
Kva skal vi ete om krisa inntreff?

Vi er inne i ei turbulent tid i vår del av verda. Tollmurar, klimautfordringar, høge energiprisar, drivstoffmangel og samarbeid med land vi har teke for gitt, møter utfordringar. Men kva vil skje dersom krisa tek eit steg vidare?

Dei siste åra har vist kor sårbare vi er for globale hendingar – anten det er tollmurar og handelskrig, blokkering av Hormuzstredet eller pandemiar. Dette må vi lære av.

Tilgang på mat er ein av dei mest grunnleggjande føresetnadane for stabilitet og tryggleik i eit samfunn. I krisesituasjonar kjem matsystema raskt under press.

Noreg er eit importavhengig land. I 2024 var sjølvforsyningsgraden 41,3 prosent. Det er lågt, og det gjer oss sårbare. Samstundes har vi betydelege ressursar. Vi har jord, beite, ein langstrekt kyst, kompetanse og eit landbruk tilpassa krevjande naturforhold. Vi har med andre ord føresetnader for å gjere oss mindre avhengige av import i heile verdikjeda for matproduksjonen. Gjer vi det, vil vi styrkje beredskapen i Noreg.

Noreg er eit langstrekt land. Vi har krevjande topografi og store regionale skilnadar når det gjeld vêr og natur. I ein krisesituasjon kan infrastruktur, eksempelvis transport av varer eller tilgang på energi, bli ein flaskehals. Det gjer oss ekstra avhengige av at maten blir produsert der det er mogleg i heile landet, og at det er mogleg å foredle og lagre produkta slik at dei kan forsyne befolkninga.

Difor er jordbruk i heile landet meir enn eit distriktspolitisk mål. Det er, saman med næringsindustri, ein naturleg del av sikkerheitspolitikken, og ein føresetnad for reell matsikkerheit. Når produksjon blir lagt ned ein stad, forsvinn ikkje berre arbeidsplassar, men også beredskap.

Norske bønder er ein del av samfunnets grunnberedskap. Dei forvaltar produksjonsareal, dyrehald og kunnskap som tek lang tid å byggje opp. I møter med kriser er det bondens evne til å tilpasse seg, halde produksjonen i gang og utnytte lokale ressursar som avgjer kor robust matsystemet er.

Matsikkerheit er ein sentral del av den nasjonale beredskapen. Det er viktig at heile kjeda fungerer, frå innsatsfaktorar og matproduksjon til foredling og distribusjon. Når vi er avhengige av import, både av råvarer og innsatsfaktorar, blir vi sårbare i krisesituasjonar, for uår og for avlingssvikt som følgje av for eksempel klimaendringar. Manglande kapasitet i foredlinga kan føre til tomme butikkhyller.

Skal vi auke sjølvforsyninga i Noreg, må vi fornye oss. Innovasjon er avgjerande for å styrkje matsikkerheta. Ny teknologi, betre ressursutnytting, meir effektiv bruk av fôr og sprøytemiddel, og robuste produksjonsløysingar vil alle bidra til å redusere sårbarheiter. Digitaliseringa av landbruket har vore betydeleg dei siste åra – i dag er både dronar og robotar vanlege på åkrane og i fjøset. Samtidig ser vi betre utnytting av bioavfall som kan gjerast om til energi. Dette har gjort landbruket meir effektivt, og vi i Innovasjon Noreg håpar landbruket held fram med å vise vilje til å ta i bruk nye løysingar som gjer næringa meir effektiv. Vi står klare til å bidra der vi kan, og har eigne ordningar for fornying av landbruket.

Verdien av beredskap og sjølvforsyning kan ikkje målast kortsiktig, og vert først verkeleg tydeleg når krisa inntreff.

Når krisa kjem er det for seint å starte arbeidet med å byggje produksjonskapasitet, kompetanse og store system. Det arbeidet må gjerast no.

🏷️ Extracted Entities (2)

Innovasjon Noreg (person) Hormuzstredet (entity)