Uttale frÄ Bremanger kommune om framtidig flyrutetilbod i regionen
Plus
Bremanger kommune er svÊrt uroa over regjeringa si utlysing av ny konkurranse om regional flyrutedrift i SÞr-Noreg, med anbodsfrist 23. juni 2026. SÊrleg reagerer vi pÄ dei foreslÄtte reduksjonane i rutetilbodet ved FlorÞ lufthamn, der talet pÄ daglege avgangar til Oslo er foreslÄtt redusert frÄ tre til to.
Bremanger kommune stiller seg fullt og heilt bak innspela frÄ Kinn kommune, Helse FÞrde og Region Fjordane, samt dei sterke signala frÄ nÊringslivet i regionen. Vi meiner forslaget vil fÄ store negative konsekvensar for busetnad, nÊringsutvikling, beredskap og helsetenester langs kysten.
For Bremanger kommune er flyplassen i FlorĂž ein avgjerande del av infrastrukturen. Store delar av arbeidslivet vĂ„rt er internasjonalt retta og avhengig av raske og fĂžreseielege samband til Oslo og vidare ut i verda. Kjemisk industri, bergverksindustri, fornybar energi, marin sektor og reiseliv skaper store verdiar og mange arbeidsplassar i regionen. Desse er heilt avhengige av eit flytilbod som fungerer i praksis â bĂ„de for kundar, samarbeidspartnarar og tilgangen pĂ„ kompetent arbeidskraft. Naudsynt og fĂžreseieleg infrastruktur er og ein fĂžresetnad for vidare utvikling av og nye investeringar i desse nĂŠringane.
EksportnÊringane langs kysten stÄr for verdiskaping i milliardklassen kvart Är, og norsk sjÞmateksport har dei siste Ära sett nye rekordar nasjonalt. NÄr regjeringa samtidig foreslÄr Ä svekke infrastrukturen som bind distrikta til resten av landet og marknadene ute i verda, sender det heilt feil signal til nÊringslivet og lokalsamfunna vÄre.
Vi vilĂČg understreke dei alvorlege konsekvensane dette kan fĂ„ for helsetenestene i regionen. Helse FĂžrde har peika pĂ„ kor viktig eit godt flytilbod er for pasientreiser, rekruttering av spesialistkompetanse og samhandling mellom sjukehus og kommunar. I ein region med lange avstandar og krevjande geografi er raske transportlĂžysingar heilt nĂždvendige.
I tilleggkjem omsynet til beredskap og tryggleik. Kystkommunane i regionen har stor aktivitet, lange avstandar og sĂ„rbar infrastruktur. DĂ„ er det avgjerande med stabile og gode flysamband â ikkje ei nedbygging av tilbodet.
Bremanger kommunevil samtidig understreke at alle flyplassane i tidlegare Sogn og Fjordane er like viktige for utvikling, busetnad og beredskap i fylket. Regionen vÄr er kjenneteikna av fjordar, fjell og store avstandar, og flyplassane fungerer samla som eit livsviktig transportnett for innbyggjarar, nÊringsliv og offentlege tenester. Ei svekking av eitt tilbod fÄr konsekvensar langt utover den enkelte kommunen.
Bremanger kommune med ordfÞrar og partifelle til Samferdselsminister Jon-Ivar NygÄrd forventar at regjeringa tek inn over seg dei samla signala frÄ kommunane, helsesektoren og nÊringslivet i regionen, og sikrar eit flyrutetilbod som er tilpassa dei reelle behova langs kysten av Vestlandet.
Distrikta treng sterkare kommunikasjonar for Ă„ kunne vekse og utvikle seg â ikkje dĂ„rlegare.