Kva skal hallen heite? Sjå spreke forslag
Plus
Kommunen vil høyre kva folk tenker at den nye idrettshallen i Slidre bør heite.
SLIDRE: «Bask- og basehall»? «Leughallen»? Eller «Hall deg i form»?
Dette er nokre av forslaga i kommentarfeltet til ei sak Sp-politikar Frode Rolandsgard har lagt ut på Facebook. Spørsmålet er kva basishallen i Slidre skal heite, når den etter planen opnar til sommaren.
Torsdag var saka oppe i Vestre Slidre kommunestyre, der politikarane blei bedne om å finne eit namn. Politikarane vedtok samrøystes å vente til kommunen har køyrd ei kort høyringsrunde.
Av meir prosaiske namn som så langt har kome opp, er Slidrehallen og Valdres basishall.
Utsettingsforslaget i kommunestyret blei fremja av Frode Rolandsgard, som altså samtidig har gåande ei privat tankesmie på Facebook. Blant dei mange kreative forslaga i kommentarfeltet finn me òg nokre med kritisk brodd, som;
- Kredittkassa
- Måfåløa
- Robek's kube.
Men så dyrt blir det vel ikkje?
Initiativet til hallen kom i si tid frå turngruppa i Vestre Slidre idrettslag, som har eit sterkt miljø med medlemer frå fleire Valdres-kommunar. Hallen vil gje dei eit etterlengta tumlerom der dei slepp å heile tida rigge opp og ned utstyr.
Smartembed for https://www.avisa-valdres.no/api/graff/v1/component/enkel-poll?id=91306